180201-Språkpraksis-11-b

Kvalifiseringsarena og kafé

Nybyrjar på kafeen, Hanan Al Jmaz (t.h.), får rettleiing av Zoe Eskes på Mariposa. Foto: Gro B. Røiland

Hanan Al Jmaz er ein av sju personar som jobbar i kafeen Mariposa nokre timar i veka. Al Jmaz, som opphaveleg kjem frå Syria, treng språkpraksis. Det får ho på Mariposa, som er kvalifiseringsarena for folk som av ulike årsaker treng eit ekstra tilbod.

Laurdag 17. mars er det fire år sidan Mariposa opna dørene som kvalifiseringsarena og kafé. Avdelingsleiar for Bø arbeidssenter, Elisabeth F. Erikstein, var med og etablerte Mariposa.

– Me såg at tilbodet på Bø arbeidssenter ikkje famna ferdigheitene til dei me hadde inne. I 2012-2013 kom det mange nye folk til kommunen med enkeltvedtak og unge som ikkje hadde noko å gå til. Dette blei eit fokus frå Nav. Samtidig hadde me eit brennande ønskje om å vera meir synlege, fortel Erikstein.

Les meir om Mariposa i papiravisa, i e-avisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no.