Espen Raastad 10. april 2018 heilfigur

Sparetiltak i Gullbring

Varslar sparetiltak. Dagleg leiar Espen Raastad varslar om ein vanskeleg økonomisk situasjon i kulturhuset. Gullbring må setje inn sparetiltak og blant anna halde badet stengt i heile sommar.

Nedbetaling av gammal gjeld gjer at Gullbring kulturanlegg tærer på likviditeten sin. Utan tiltak innan to år er selskapet i ytterste konsekvens konkurs.

Dagleg leiar i Gullbring kulturanlegg, Espen Raastad, seier det er hans ansvar og oppgåve å fortelje om den økonomiske situasjonen som Gullbring per i dag strevar med.
– Likviditeten vår blir svekka med rundt ein million kroner per år som følgje av låneavtalane me nå sit på. I ytterste konsekvens er aksjeselskapet konkurs innan to år om ikkje tiltak blir gjort. Per i dag ser me ikkje noko løysing. Samtidig er Gullbring eit vitalt kulturhus med gode framtidsutsikter, men eg meiner det er riktig av meg som dagleg leiar å seie i frå nå. Eg trur ikkje på konkurs og stengte dører. Det må finnast ei løysing, seier Raastad.
Styret i Gullbring kulturanlegg hadde denne saka på bordet i styremøte tysdag ettermiddag. Det blir meldt frå møtet at både styret og dagleg leiar nå ønskjer ein god og ryddig dialog med eigar, Bø kommune, om å finne løysing på det økonomiske uføret Gullbring er i.

Raastad har sagt opp jobben som dagleg leiar i Gullbring og startar i ny jobb som leiar av idrettsavdelinga i Porsgrunn kommune 1. august. Marknads- og arrangementsansvarlig Katharina B. Skomedal er konstituert i stillinga.