180614 pengar til sjodar og evju 1

Pengar til flytte-prosjekt

Går alt etter planen, kan Harald Omnes i Nes nasjonale dansarring, Jorid Vale på Evju bygdetun og Aud Irene Haugen i Sparebankstiftelsen DNB Telemark snart danse innomhus på denne staden. Foto: Gro B. Røiland

Gleda var stor på Evju bygdetun og i Nes nasjonale dansarring (NND) da Aud Irene Haugen frå Sparebankstiftelsen DNB Telemark kom med pengar til flytting og gjenoppbygging av forsamlingshuset Sjodar.

NND får 500.000 kroner, mens Evju bygdetun får 300.000 kroner. Dermed er planen om å flytte forsamlingshuset frå 1922 eit godt stykke nærmare realisering.

I 2017 vedtok styret i NND å jobbe aktivt for å flytte Sjodar frå Nordagutu til Evju, noko bygdetunet støttar. Også Evju bygdetun treng meir plass inne til selskap, bryllaup, konsertar og lokalhistorisk arkiv. Planen er å lage kjeller med brannsikkert arkiv.

– Sjodar skal bli eit fleirbrukshus, seier Harald Omnes i Nes nasjonale dansarring.

Les meir i papiravisa eller o e-avis.