180621 Oterholtfossen-4-sept-2015-3-Lat-fossen-bruse

Taus markering mot utbygging

«La fossen bruse». Det er danna ei eiga gruppe på Facebook som jobbar for at Oterholtfossen skal få halde fram med å bruse som i dag. Arkivfoto: Øystein Akselberg

– Vil behalde fossen som den er

Det blir arrangert ei mobilisering under synfaringa av Oterholtfossen måndag. Ein av initiativtakarane, Kristine Søgnen, understrekar at det blir ei stille markering, ikkje ein aksjon.

– Det blir ei stille og roleg markering, me vil opphalde oss rundt fossen. Me ønskjer at fossen skal vere slik den er i dag også i framtida, seier Søgnen.

Det er Olje- og energidepartementet (OED) som har  bede om synfaringa måndag. NVE har tidlegare gått imot å byggje ut Oterholtfossen etter planane til Midt-Telemark Energi, men OED har siste ordet og det ønskjer ei ny synfaring før det tek endeleg avgjerd.

Ikkje berre renne

Søgnen seier at fossen ikkje blir borte ved ei utbygging, men at dei som står bak arrangementet «La fossen bruse» vil at den skal bruse, ikkje berre renne.

– Fossen slik han er med alle sine variasjonar gjennom året vil bli borte. Med andre ord, fossen slik me kjenner han blir borte eller redusert. Fossen har verdi i kraft av det han er no, han vil ikkje vere seg sjølv om vasstanden blir redusert. Det er ikkje nok at det renn vatn, meiner Søgnen.

Upolitisk markering

– Eg håpar me blir mange, me mobiliserer breitt, seier Søgnen og legg til at dette er ei upolitisk markering. Det vil seie at nokre kan knyte engasjementet sitt til sjølve fossen, andre til det biologiske mangfaldet.

Søgnen trur det kan vere mange som ønskjer fossen som den er i dag.

Markeringa vil gå føre seg ved at det blir hengt opp banner og så vil folk opphalde seg i området under synfaringa.

Ingen lenkjer eller sperringar

– Synfaringa er heilt lovleg, me vil ikkje hindre den. Det blir ikkje lenker, sperring av brua eller protestrop. Me ønskjer ikkje aggressivitet, derfor kallar me det ei markering og ikkje ein aksjon, understrekar Søgnen.

Ho meiner at det at ein er til stades visuelt vil vere ei kraftfull markering.