Kartfestivalen 2018 Vegard Finnekåsa og Jørgen Solberg

Klart for Kart

Tommel opp for festival. Teknisk leverandør Vegard Finnekåsa (t.v.) frå Konsert-Service AS og Kartsjef Jørgen Solberg berre timar før det brakar laus på festivalens første konsertkveld.

I kveld er det klart for første av tre konsertkveldar på Kartfestivalen 2018. I ettermiddag var stemninga god på festivalområdet i Farstadparken på Gvarv. Rigginga gjekk sin gang og var i god rute for kvelden.

Kartsjef Jørgen Solberg seier at billettsalet ser lovande ut og at han trur det blir godt med folk. Første band ut i kveld er «Spider» klokka halv sju. Så går det slag i slag. I alt 30 band skal på scena i løpet av dei tre komande kveldane.