180823 Damelaget fotball - jubel kamp mot Åssiden 19. aug 2018  foto Glenn Isaksen

Kåra til årets Fair play-klubb

LIKEVERD: Likeverdig tilbod til jenter og gutar er viktig kriterium for å bli Fair play-klubb. Biletet er frå kampen mot Åssiden i august, ein kamp Skarphedins damelag vann 6-1. Foto: Glenn Isaksen

Skarphedin fotball er kåra til årets Fair play-klubb i Telemark for sesongen 2018.

– Veldig moro, seier dagleg leiar Magne Sanden.

Gladmeldinga frå Norges Fotballforbund (NFF) kom overraskande på leiinga i Skarphedin fotball. Det var ei svært hyggeleg overrasking. Dei visste ikkje at dei var nominert.

– Me hadde ikkje tenkt på at Skarphedin kunne bli årets Fair play-klubb, men det er veldig moro å bli sett pris på. Me gjer så godt me kan. Når ein ser på kriteria for å bli Fair play-klubb, fyller me nok ein del av dei. Me har hatt nokre verdidebattar, seier Sanden.

Det er Norges fotballforbund som kårar årets Fair play-klubbar i landets 18 fotballkretsar. Vinnarklubben i kvar krets får, i tillegg til heider og ære, 10.000 kroner. På kretstinget i februar vil Skarphedin bli løfta fram som årets Fair play-klubb i Telemark, fortel Nils Rune Midtbøen, kretsansvarleg for klubbutvikling i NFF Telemark.

Det er NFF Telemark som har nominert Skarphedin fotball til årets Fair play-klubb i kretsen. Skarphedins mål om å gje gode pasninger både på og utanfor banen er noko kretsen har merka seg.

– Klubben har hatt eit sunt opplegg og utmerker seg med godt arbeid. Skarphedin er ein kvalitetsklubb, noko som inneber visse standardar og forpliktingar innan ulike område og som skal gjera det bra å vekse opp i klubben. Skarphedin er også ein god klubb i forhold til anlegg og ramma rundt fotballen, seier Midtbøen.

Kriteria NFF legg til grunn for å kåre Fair play-klubbar er mange. Likeverdige tilbod til gutar og jenter er eit kriterium. Her er Skarphedin ifølgje Midtbøen ein av dei beste i Telemark.

Dokumentert aktiv inkluderingspolitikk og skriftlege retningsliner for Fair play, Fair play som tema på foreldremøte og eigen Fair play-kontaktperson i klubben er andre kriterie for å bli Fair play-klubb.

Les meir i papiravisa 24. januar.