KAN VERE TILFELDIG: Jon Helge Bergane, rektor ved Bø vidaregåande skule, seier nedgangen i søkjarar er så liten at det kan vere tilfeldig.
EIN ELEV SMITTA: Ein elev på vg1 ved Bø vidaregåande skule har testa positivt på covid-19.

Litt nedgang i søkjartala

Bø vidaregåande skule opplever ein liten nedgang i talet på søkjarar. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Det var 377 primærsøkjarar til Bø vidaregåande skule då søknadsfristen gjekk ut tidleg i mars. Dette er ein nedgang på 17 i forhold til i fjor. Det opplyser rektor Jon Helge Bergane.

Han seier søkinga dei siste fem åra har vore ganske stabil på mellom 360 og 395 søkjarar. Det er 130 som har søkt vg1, det er fem fleire enn i fjor. 67 ungdommar har søkt studiespesialisering, og av dei har ni søkt innovasjonslinja.

Det er 63 som har søkt idrettsfag, av dei har ni søkt spesialtilbodet om skiskyting/langrenn.

På vg2 er det 117 søkjarar, det er 20 færre enn i fjor og på vg3 er det 130 søkjarar, same som i fjor. Søkjartalet blir justert fram til 15. april.