Aina satsar på musikken

Fekk talentpris. Aina Dyrud Wassvik med diplom på scena under årets Countryfestival i Seljord. Foto: Privat

Aina Dyrud Wassvik (20) kom i mai med sin andre musikksingel. Ho satsar no på musikken og skal studere ved eit privat musikkakademi i Tvedestrand. Til hausten kjem ein ny singel og går alt etter planen blir det plate neste år.

Nyleg vant ho talentprisen under konkurransen SjøormCountry i Seljord som beste soloartist i ein finale med to andre artistar.

– Musikken min kan definerast best som country-pop. Eg tek eit år om gongen, men no vil eg verkeleg satse musikken. Så får me sjå kor vegen fører meg vidare, seier Aina til Bø blad.

Les meir i torsdagens avis.