Sakna mann funnen omkomen

Sea king-helikopter var med i leitinga etter den sakna mannen i 30-åra. Foto: Kanalen

Mannen som var sakna frå ein båt på Norsjø laurdag er funnen omkomen. Han blei funnen nokre meter under vassflata, melder Politiet i Sør-Øst på Twitter. Etterforskinga så langt tyder på at båten kjørte inn i ein fjellknaus.

Mannen i 30-åra skal ifølgje Kanalen ha vore busett i Bø.

Han blei meldt sakna frå ein båt som gjekk ut frå Ulefoss brygge natt til laurdag med to personar om bord. Laurdag vakna ein person aleine i båten, som dreiv på Norsjø. Båten hadde store skader.

Sea king-helikopter, Midt-Telemark brann og redningstjeneste og Røde Kors bisto politiet i søket. Det blei leita etter mannen i heile området mellom Ulefoss og Akkerhaugen, og det blei også leita på land etter teikn på samanstøyt.

Den sakna sin mobiltelefon blei funnen på land av personell som deltok i søket. Like ved fann dei vrakrestar som var stemde overeins med den aktuelle båten.

Den sakna blei funnen i Norsjø omlag kl. 16.30 laurdag, rett sør for Ottersnesodden, melder politiet.