Telemark tingrett på  Notodden
Telemark tingrett på Notodden FOTO: Gro B. Røiland

Køyrde for fort i dødsulykke

Aust-Telemark tingrett, Notodden.

Foto: Gro B. Røiland

Aust-Telemark tingrett har kome til at sjåføren ikkje var aktsam, men køyrde for fort då ein mann vart påkøyrd og døydde på Gvarv i romjula i 2017.

Det var mørkt og svært dårleg sikt då ulykka skjedde.

Retten meiner den sikta, ein då 18 år gammal sjåfør, burde ha tilpassa farten til dei vanskelege køyreforholda.

Aktor hadde lagt ned påstand om 30 dagars fengsel. På grunn av at politiet har brukt lang tid finn retten at det å setje straffa til 15 dagars fengsel på vilkår er kompensasjon for det. Prøvetida er to år. Han er også dømd til å betale ei bot på 15.000 kroner.

Mannen, som no er 20 år, misser førarkortet i tre månader. Han er også dømd til å betale etterletne 50.254 kroner i erstatning. Han er frifunnen for å betale oppreisingserstatning, men dømd til å betale 5.000 kroner i sakskostnader.