190917-Telemarkfestivalen-Haugebonden-2-Per-Anders-Buen-Garnås

«Haugebonden» til Ultimafestivalen

Hardingfele: Per Anders Buen Garnås spelar i verket «Haugebonden». Det er gjer også Tuva Syvertsen.


«Haugebonden», bestillingsverket til Telemarkfestivalen i år, skal framførast på Ultimafestivalen fredag. Verket blir trekt fram som ein av fem grunnar til å gå på årets festival av NRK.

I «Haugebonden» tek Ruth Wilhelmine Meyer utgangspunkt i mellomalderballaden  med det same namnet. Då verket vart framført i Gullbring i august vart det dedisert til Agnes Buen Garnås. Kvedaren frå Bø er ei stor inspirasjonskjelde for Meyer og det er hennar bearbeiding av «Haugebonden» ho tek tak i.

Per Anders Buen Garnås spelar hardingfele i verket. Då det vart framført i Bø var det med fleire lokale dansarar. På framsyninga i Oslo blir blant andre Sunniva Langås-Røiland med.