– Dersom ein ikkje aksepterer prisen på 100 kroner for aksjar i Gullbring kulturanlegg så må ein melde frå til kommunen. Det har eg fått opplyst hjå advokat.
Det seier Jan Lepperød, ein av småaksjonærane i Gullbring som ikkje vil akseptere bodet frå kommunen på kjøp av aksjar for kroner 100 per stykk.
Lepperød har fått opplyst at kommunen kan klare seg med stille aksept. Dersom nokon ikkje seier ifrå at dei ikkje vil selje så aksepterer dei. Lepperød meiner det verkar urimeleg. Han har gitt melding til kommunen om at han ikkje aksepterer prisen.
Lepperød meiner heller ikkje at aksjesalet gangar verken drifta av Gullbring eller brukarane.
Les meir om sal eller ikkje av Gullbring i papiravisa eller i eavisa.