Nye eigarar av Husly Interiør & Kafe

Iselin Sletta Jakobsen (f.v.) og Ina Instanes Seljestad Flaatin har kjøpt Husly av Tone M. Skogli Stavsholt (t.h.) og Odd Erlend Stavsholt. Foto: Gro B. Røiland

Firmaet Husly Interiør & Kafe AS er selt til Iselin Sletta Jakobsen frå Gvarv og Ina Instanes Seljestad Flaatin frå Akkerhaugen. Dei to har kjøpt verksemda av Tone M. Skogli Stavsholt og Odd Erlend Stavsholt som starta opp Husly i Bøgata for tre år sidan.

Dei to nye eigarane er begge utdanna kokkar, og dei jobbar i dag på Sykehuset Telemarks seksjon for sykelig overvekt, avdeling Nordagutu. Det er i fyrste rekkje kafédrifta på Husly dei satsar på å vidareføre, ikkje interiørbutikken. Planen er å utvide kafeen mot gata.

– Eg gler meg kjempemykje til å sjå kva Ina og Iselin vil få til her, seier seljar Tone M. Skogli Stavsholt.