191107-Åsebrua-Thor-Arne-Hynne-04-b

Foreslår pengar til Åse bru


Utolmodig. Thor Arne Hynne lurte på kva som skulle skje med Åse bru i 2017. No kan det kome pengar. Arkivfoto: Bø blad

Det er sett av 53 millionar kroner til Åse bru på Tjønnås i forslaget til det første budsjettet for Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Det går fram for budsjettforslaget som vart lagt fram av administrasjonen tysdag.

Ifølgje forslaget er sett av to millionar til prosjektering i 2020. Deretter er det sett av 15 millionar kroner i 2021 og 36 millionar kroner i 2022.

Det står i saka at tillaten aksellast er nedsett i dag på grunn av svakheiter i konstruksjonen. Dersom brua bryt saman må trafikken mellom Lunde og Bø gå via riksveg 36, noko som blir ei lang omkøyring.

Thor Arne Hynne frå Eikjabygda etterlyste kva som skulle skje med brua i Bø blad i 2017. Då hadde vore eit køyrfelt over brua sidan november 2016.

Byggjeleiar i Vegvesenet, Halvor Kåsa, sa i 2017 at dei venta på resultat frå undersøkingar. Problemet var dårleg grunn. I 2017 tok ein prøver lenger frå brua for å sjå korleis grunnen er der.