Evy Beate Tveter 
Evy Beate Stykket
PÅ FYLKESLISTE: Evy Beate Stykket frå Midt-Telemark står høgt på fylkeslista til Venstre. FOTO: Bø blad, arkiv

Historia er sjeldan svart-kvit

Evy Beate Stykket er Venstre-politikar, tidlegare medlem i formannskapet og sit i kommunestyret i denne perioden. I førre periode var ho ei tid varaordførar. Dette innlegget er henta frå bloggen hennar Stykketvis.

Det er dramatiske dagar i lokalpolitikken, og utan å gå inn i saka om kommunedirektøren er det to «myter» eg vil kommentere. Dei er ikkje nye, men dei blir gjentatt med forsterka kraft nå – og det er ikkje rett. Slik sett handlar ikkje dette fyrst og fremst om nå-situasjonen, men om nokre inntrykk som har fått feste seg over tid.

Den fyrste påstanden ser eg at Arvid Hagen også kommenterer i Bø Blad i dag (lenkje under avsnittet), og det er løna til leiarane i kommunen. Det er ei myte at dei er høge, og eg synest det var veldig bra at Arvid peika på det same. Kommunedirektøren i Nome har høgare løn enn i Midt-Telemark. Notodden like så. Så kan ein sjølvsagt diskutere kva som er «naturleg» løn, og kva som er rett nivå reint prinsipielt, men i praksis er det ein marknad på dette området som på alle andre område, og for å få gode folk må ein også her konkurrere på pris. Samanlikna med liknande kommunar har me ligge litt under snittet – det er ei rein faktaopplysning, så kan ein meine kva ein vil om lønninga til leiarar generelt. Det er vel helst i kommentarfelt at ein ser slike påstandar, men når det blir sagt ofte nok, er det gjerne slik at det blir oppfatta som rett likevel, så det er viktig å komme med fakta.

Ap-topp kritisk til behandlinga av kommunedirektøren

Så er det den andre tingen, og det er tanken om at administrasjonen har gjort akkurat som dei sjølve ville i Gullbring-saka. Nå snakkar eg IKKJE om det som skjedde i kommunestyremøtet på måndag – der var eg ikkje til stades, og veit bare det eg har fått referert frå andre. Eg snakkar om den generelle oppfatninga som har festa seg hos mange dei siste månadane. Eg har sitte i formannsskapet det meste av tida medan Gullbring-saka låg på bordet, og det har skjedd mange ting i løpet av prosessen.

Formannsskapet var referansegruppe og la føringar for kva rådmannen skulle gjere heile vegen. Det var fleire alternativ som blei lagt vekk i møte der, og administrasjonen blei bedne om å konsentrere seg om bare nokre av alternativa. Så var det delte meiningar i formannsskapet om kva som var «godt nok» og kva for alternativ ein skulle gå vidare med, men me jobba med dette eit heilt år, og me passerte mange vegskilje i løpet av den tida. Sjølvsagt er det nokre ting som ser annleis ut i etterpåklokskapens lys, men poenget mitt nå er at det ikkje var slik at administrasjonen gjorde som dei ville utan at nokon passa på. Både formannsskap og etter kvart fellesnemnd var involverte. Når det gjeld dette med «godt nok», så er eg blant dei som meiner at politikarar skal passe seg for å gå for langt inn i detaljnivå, men heller halde seg til overordna politikk.

Kanskje var ikkje formannsskapet gode nok til å bestille breitt nok, og kanskje undervurderte ein kor omfattande heile prosessen skulle bli. Utfallet blei som det blei, og det skal eg leve heilt fint med, men eg må få si ifrå at eg ikkje er einig i den forenklinga av historia som ser ut til å ha festa seg. Det har komme inn mange nye krefter i nytt kommunestyre og formannsskap, og det er nok mange som ikkje kjenner til nyansane i alt som har skjedd i løpet av ein lang prosess.

Me er lite tent med å forenkle framstillinga av vanskelege prosessar me har vore gjennom – det lærer ein lite av i ettertid (og sjølvsagt er det ein god del ting me må lære av alt som har skjedd siste året alle mann). Me står føre ein god del kompliserte diskusjonar framover, og eg håpar at me kan komme oss gjennom det på ein klok måte. Eit fyrste skritt på den vegen er å ha eit nyansert syn på historia fram til nå.