Synnøve Sudbø Kleppe 
Bø blad
JOBBAR BAK STENGT DØR. Synnøve Sudbø Kleppe og dei andre tilsette i Bø blad har stengt døra, men

Bø blad har opne linjer, men stengd dør

Bø blad stenger døra for publikum, men me er tilgjengeleg på e-post, telefon, Messenger og Facebook. Det er viktig for innbyggjarane å følgje med i nettavisa nå.

– Me i Bø blad vil gjerne ha tips og det er viktig at publikum fortsatt tek kontakt med oss. Me lagar avis som vanleg, men tek nokre viktige forholdsreglar, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

Ho understrekar at det er svært viktig at folk følgjer med på nettavisa til lokalavisa for Midt-Telemark nå.

– Alt skjer veldig fort nå, og me er opptatt av å informere innbyggjarane så raskt og så bra som muleg. Me har god kontakt med kommunen og vil vidareformidle all informasjon som er viktig for innbyggjarane. Alle samfunnsviktige saker vil liggje opne på nettavisa, seier Eika Nesje, og oppfordrar folk til å få tilgang til Bø blads nettavis så snart som råd.

Telefonnummer og e-postadresser til redaksjonen og administrasjonen til Bø blad ligg på heimesida:

www.boblad.no

Abonnentar som ikkje har fått passord til nettavisa kan ringe 406 24 528 eller sende epost til annonse@boblad.no.