FLEIRE MÅ I KARANTENE: Midt-Telemark kommune strammar inn på reglane for kven som må i karantene. Nå må også folk som kjem frå omkringliggjande regionar i karantene ved innreise til kommunen. Her set Øyvind Gjerlid (t.h.) og Sondre Rui opp nytt kommuneskilt i samband med kommuneslåinga ved nyttår.
FLEIRE MÅ I KARANTENE: Midt-Telemark kommune strammar inn på reglane for kven som må i karantene. Nå må også folk som kjem frå omkringliggjande regionar i karantene ved innreise til kommunen. Her set Øyvind Gjerlid (t.h.) og Sondre Rui opp nytt kommuneskilt i samband med kommuneslåinga ved nyttår. FOTO: Marta Kjøllesdal

Utvidar karantenepåbod i Midt-Telemark

Tysdag kjem kommuneoverlegen i Midt-Telemark med nye reglar for karantene. Påbodet om karantene er nå utvida til å gjelde dei som kjem frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

Kommuneoverlegen i Midt-Telemark melder tysdag om nytt påbod om karantene i regionen vår. For å utsetje spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen tysdag 17. mars 20 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd:

Tilbakeverkande til 10. mars

1) Alle som kjem til regionen etter reiser i områda nemnd i punkt 3 i Noreg vert ilagt heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

2) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei føringar som til ei kvar tid kjem frå myndigheitene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 17.03.20 følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

Vedtaket vert gjeve tilbakeverkande kraft frå og med 10. mars.

Unntak for nøkkelpersonell

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gjeve adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Dette er definert som kritiske samfunnsfunksjonar:

• Styring og kriseleiing
• Forsvaret

• Lov og orden
• Helse og omsorg
• Redningsteneste
• IKT-sikkerheit i sivil sektor • Natur og miljø
• Forsyningssikkerheit
• Vatn og avløp
• Finansielle tenester
• Kraftforsyning

• Elektroniske kommunikasjonstenester

• Transport
• Satellittbaserte tenester
• Apoteka

Lista kan bli endra, følg oppdatert info på

https://www.dsb.no/rapporter-og-evalueringer/samfunnets- kritiske-funksjoner/.

Unntak for vare- og passasjertransport

Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke frå karantenekravet i dette vedtaket, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld. Dette omfattar òg personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Kan ikkje reise med symptom

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje bruke offentleg transport. Vedtaket har verknad frå 17.mars 2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Smittevernlova § 4-1 femte ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker når det er naudsynt for å forebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført i befolkninga. Aktuelle tiltak går fram av bestemmelsens første ledd bokstavane a til e.

Kommuneoverlegens grunngjeving

Grunngjevinga frå kommuneoverlege Kristin Sekse for dei omfattande tiltaka er som følgjer:

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvenser for mange menneske. Sjukdomen er òg erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av betydning for internasjonal folkehelse av WHO.
Helsedirektoratet vedtok 12. mars 20 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester. Her vert det mellom anna sagt:

“Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser. Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.”

Vil redusere smittepress i Midt-Telemark

Covid-19 epidemien har i dag ulikt omfang i Noreg. Folkehelseinstituttet har uttalt at epidemien no har gått over i ei ny fase der ein ikkje har klart å identifisere smittekjeda for alle som vert sjuke. Dette inneber at ikkje alle nye smittetilfelle lenger let seg spore til utlandet.
I vår region er smittepresset framleis lågt, ifølgje kommuneoverlegen som ser det som avgjerande å redusere smittepresset frå utanfor regionen, slik at me får betre tid til å førebu særleg helsetenestene best mogleg for ein smittesituasjon.

Avgrensa kapasitet

– Regionen er prega av små lokalsamfunn og lange avstandar, og kritiske samfunnsfunksjonar vil vere ekstra utsett her ved ein omfattande epidemi. Kommunane generelt og helse- og omsorgstenesta spesielt har begrensa kapasitet, skriv kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Kommuneoverlegen ser dagens vedtak som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak. Tiltaket vert vurdert som naudsynt både for å beskytte sårbare grupper og for å halde i hevd naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Forskrifta gjeld for Midt-Telemark kommune med mindre anna særskilt vert bestemt.

– Naudsynt tiltak

Kommuneoverlegen vurderer at smitteverntiltaket har ei medisinskfagleg grunngjeving, er naudsynt av omsyn til smittevernet og for å halde i hevd tilstrekkeleg smittvernkapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og teneleg utifrå ei heilskapsvurdering.

Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytta ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga.