ENDRA HYTTELIV: Ein kan nå reise til hytta si, men ikkje overnatte.
ENDRA HYTTELIV: Ein kan nå reise til hytta si, men ikkje overnatte. FOTO: Hilde Eika Nesje

Endrar hytteforbod

Regjeringa la tidlegare denne veka ned forbod mot å dra på hytter utanfor eigen heimkommune. Fredag blei forskrifta endra til at ein kan dra på hytta, men ikkje overnatte der.

Torsdag denne veka opplyste helseminister Bent Høie (H) om at regjeringa forbyr opphald på hytter ein har utanfor eigen heimkommune. Ifølgje Rett24 har ordlyden i forskrifta om hytteforbodet blitt endra. Ein kan nå dra på hytta, men ikkje overnatte der.

Kan ikkje overnatte

I utgangspunktet blei det forbode å reise på hytta, blant anna av omsyn til kapasiteten til helsevesenet i hyttekommunane.

Advokat John Christian Elden seier til Rett24 at dette er ei kraftig forbetring.

– Endringa i ordlyden medfører at forbodet nå reint praktisk er muleg å handheve. Den forrige ordlyden, om å «ta opphald», var i praksis ubrukeleg som regulering. Nå spelar det ingen rolle kven som eig hytta, eller om ein flyttar seg rundt. Forbodet er knytt til overnatting på eigedomen, seier Elden.

Problematiske unntak

Ifølgje Bø kommune er det òg unntak som fleire kommunar reagerer på, nemleg at familiemedlemmar som er i karantene kan bu på hytta, når årsaka til karantenen er at nokon andre i familien er stadfesta smitta av koronaviruset.

– Det er laga ei uttale til regjeringa frå ordførarane i Grenland der det blir oppfordra til å endre forskrifta på dette punktet. Midt-Telemark kommune har gjeve støtte til denne uttala, opplyser ordførar Siri Blichfeldt Dyrland på kommunens heimeside.