EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE. 17. mai 2020 blir feira heilt annleis enn vanleg, noko som kjem til å prege historien i framtida.
EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE. 17. mai 2020 blir feira heilt annleis enn vanleg, noko som kjem til å prege historien i framtida.

Historisk 17. mai – send oss ditt bilde!

Send oss ditt bilde frå 17. mai på e-post eller Messenger – me skal sørgje for at du blir historisk i Midt-Telemark 2020!

Ikkje sidan andre verdskrig har noko rokka ved nasjonaldagsfeiringa til nordmenn. Feiringa av 17. mai, grunnlovsdagen og eit av dei sterkaste nasjonale symbola våre, har halde stand heilt sidan Bjørnstjerne Bjørnson i 1870 tok initiativ til det aller første barnetoget. Det var bare i krigsåra 1940-44 at ein ikkje fekk lov til å feire på tradisjonelt vis. Da freden kom 8. mai 1945 var det stor jubel og feiring, og sjeldan har ein vel kjent på større grunn til å feire enn på nasjonaldagen det året. Kjente 17. mai-uttrykk som fred og fridom har vel knapt hatt større betydning enn akkurat i 1945.

Så har det blitt 2020, og med dette året kom Korona. Lite visste me vel at det var ein global pandemi som skulle setje ein ny stoppar for den kjente og kjære feiringa av nasjonaldagen. På ny blir det ein annleis nasjonaldag, og ikkje på langt nær så full av alt det me knyter til denne dagen. Samvær og folkesamlingar blir det mindre av, sjølv om iherdige og kreative 17. mai-komitéar over heile landet har jobba på spreng for å få til ei slags felles feiring likevel. Det blir rett og slett noko anna.

Det treng likevel ikkje bli så mykje dårlegare, det viser alle dei kreative påfunna i forkant av årets nasjonalfest. Ein ting som er sikkert er i alle fall at det blir ein nasjonaldag me kjem til å hugse – den blir eit skilje i tida og merkt som «den gong me måtte feire heime». Nettopp fordi det blir ein totalt annleis dag komande søndag, er årets 17. mai historisk. Den historien skal me dokumentere.

Nasjonalbiblioteket har i år fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å dokumentere digitale minne frå akkurat denne nasjonaldagen. Til det skal dei få hjelp frå alle lokalavisene i Noreg. Allereie i dag arkiverer dei avisenes innhald digitalt, men i år skal det gjerast særleg aktivt på 17. mai.

Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark blir derfor eit viktig ledd i denne dokumenteringa. I tillegg til det me gjer sjølv, ber me derfor innbyggjarar i heile kommunen om å sende oss bilde frå feiringa si – der dei er. Enten heime, på institusjon, på jobb, på ein veranda, på fjelltur, på frukost eller i mini-hageselskap. Enten de syng eller jublar, deler musikk, leiker eller slappar av: Vis oss kva de gjer!

Du kan sende oss ditt 17. mai-bilde:

På e-post: redaksjon@boblad.no

På Facebook-sida vår i meldingsbokks elller på Messenger