NYE REISEREGLAR:  Dei presenterte dei nye reglane for reiser f.v. fagdirektør Frode Forland, justis- og beredskapsminister Monica Mæland, næringsminister Iselin Nybø og assisterande folkehelsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
NYE REISEREGLAR: Dei presenterte dei nye reglane for reiser f.v. fagdirektør Frode Forland, justis- og beredskapsminister Monica Mæland, næringsminister Iselin Nybø og assisterande folkehelsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Regjeringa lettar på reiserestriksjonane

Regjeringa opnar opp for at ein kan reise til og frå «grøne land» i EØS, EU og Schengen frå 15. juli. Det blir også opna opp for kjærastar og familie frå tredjeland.

 

Det vart klart på ein pressekonferanse fredag. Då møtte justis- og beredskapsminister Monica Mæland, næringsminister Iselin Nybø, assisterande folkehelsedirektør Espen Rostrup Nakstad og fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet pressa for å informere om endringar i Korona-tiltaka.

Tre regionar i Sverige

Dei grøne landa er dei som ein kan reise til og folk kan kome frå utan at ein må sitte i karantene. Det er avgjort at ein opnar tre regionar i Sverige frå 15. juli. Det er Blekinge, Kronoberg og Skåne.

I EU/EØS/Schengen er i tillegg til Sverige, Portugal, Kroatia, Ungarn, Romania og Bulgaria som er raude. Italia, Spania og Storbritannia derimot er grøne.

RAUDE OG GRØNE LANd: Kartet til Folkehelseinstituttet viser kva land ein kan reise til utan å måtte i karantene.

Reise berre om ein må

 

Myndigheitene seier at ein ikkje oppfordrar folk til å reise om det ikkje er nødvendig. Dersom ein reiser må ein setje seg inn i reglane der ein skal. Og land kan gå frå å vere grønt til raudt medan ein er der, då må ein i karantene når ein kjem heim.

Kva land som er raudt og grønt er avgjort av det faktiske smittesituasjonen. Forland opplyser at ein brukar dei same kriteria som andre land i EU og EØS brukar. Ein har vurdert land og ikkje regionar med unnatak av for Norden. Sverige er i utgangspunktet raudt, men det er altså så langt tre regionar som ein kan reise fritt til.

– Sverige  er det landet med høgast smittetal i Europa, sa Forland under pressekonferansen.

Men han viste til at tala også går nedover for Sverige.

Kan skifte frå grønt til raudt

Det vart på pressekonferansen fleire gonger understreka at dersom ein reiser til utlandet må ein følgje med, passe reglane der ein er og vere klar over at situasjonen kan skifte, land kan gå frå å vere grøne til raude. Det vil føre til at ein må i karantene når ein kjem heim.

Folkehelseinstituttet skal vurder landlista kvar 14. dag og oppdatere den, men land kan gå frå grønt til raudt utanom dette.

Opnar for kjærastar og familie

Det blir også lettare for dei som har kjærastar og familie i land utanfor EU/EØS/Schengen

– Me opnar for innreise for kjærastar, sa Mæland på pressekonferansen.

Kravet er at ein har vore kjærastar i minst ni månadar og har møtt kvarandre. Dette gjeld og for familie, det vil seie foreldre, partnarar og barn. Den som kjem må i karantene.