KLAR TIL Å MØTE SMITTEUTBROT. Midt-Telemark kommune er fortsatt smittefri, men kommuneoverlege Kristin Sekse er førebudd på eit lokalt smitteutbrot etter ferien. Ho oppfordrar alle til å ikkje slurve med handvask og andre smitteverntiltak
KLAR TIL Å MØTE SMITTEUTBROT. Midt-Telemark kommune er fortsatt smittefri, men kommuneoverlege Kristin Sekse er førebudd på eit lokalt smitteutbrot etter ferien. Ho oppfordrar alle til å ikkje slurve med handvask og andre smitteverntiltak FOTO: Hilde Eika Nesje

Korona-viruset:

– Nå er det viktig at folk testar seg viss dei får smittesymptom

Midt-Telemark kommune har hittil slept lett ifrå koronasmitten, men helsesektoren rustar seg til hausten.

Kommuneoverlege i Midt-Telemark, Kristin Sekse, melder at ingen i vår region er råka av koronasmitten på Hurtigruta, men alle kommunar er varsla, så helsesektoren er på vakt.

Fortsatt smittefritt

– Me har også nå slept billeg unna. Det er ein rar situasjon. Me har hatt utruleg mykje folk innom kommunen vår i sommar og har vore førebudd på at det med det kunne dukke opp smitte. I all hovudsak har både turistar og fastbuande oppført seg fint i forhold til smittevernreglane. Fortsatt er me ein smittefri kommune, seier Sekse.

Ho fortel at det også har vore overraskande stille i forhold til å teste seg, og at dei hadde førebudd seg på det motsette.

– Med fleire folk i kommunen, hadde me rekna med at det skulle bli fleire som ville teste seg for smitte, både blant turistane og fastbuande, men det har det vore lite av. Det har vore ein  roleg sommar og me har fått avvikla ferie blant dei tilsette som normalt. Me ønskjer at folk skal vere utkvilte før hausten, seier ho.

Ventar smitteutbrot

Med ein auke i talet på smitte generelt, folk som kjem heim frå ferie andre plassar, studiestart og oppstart i barnehagar og skular,  reknar Sekse med at det kan bli litt å gjere framover, og at smitten også rammar vår kommune.

– Me er førebudd og har nå  innarbeidd gode prosedyrer for korleis me skal møte eit lokalt smitteutbrot. Me jobbar dessutan med å få på plass eit digitalt smittesporingssystem. Det satsar me på å kome i gang med i løpet av dei neste par vekene. Fram til det er på plass jobbar me etter gamle prosedyrer, seier Sekse.

– Folk må teste seg

Kommunoverlegen opplyser at dei har testa rundt 40-50 personar i veka i sommar.

– Det som er viktig framover nå er at folk har låg terskel for å teste seg slik at eventuell smitte ikkje spreier seg raskt. Flest muleg av dei som utviklar  symptom på koronasmitte bør teste seg slik at me får avklart om det er smitte eller ikkje, understrekar Sekse.

– Må reingjere hender

Kommuneoverlegen er også opptatt av at folk må bli enda flinkare til å vaske hendene sine godt overalt og halde god avstand.

– God handvask med såpe er det aller beste der ein har tilgang på dette, viss ikkje må ein sprite seg, seier Sekse.

Butikkane har ansvar

– Eg vil oppfordre butikkane til i større grad å minne kundane sine på dette, og gjere mulegheiten for handvask og spriting meir tilgjengeleg og godt synleg. Me kan gjerne snuble i spritdispensaren når me går inn i butikkar og serveringsstader, seier Sekse.

Ho legg til at det også er viktigt å fylle på og vedlikehalde spritdispensarar, og at innhaldet i dei må vere minst 70 prosent sprit for at det skal ha effekt.

– Tilgangen på sprit er bra, så det er inga unnskyldning å la vere å ha det. Alle plassar der folk er innom har ansvar for å ha dette på plass, seier Sekse.