STILLER KRAV: Skatteetaten stiller nye krav til dei som skal innom kontoret.
STILLER KRAV: Skatteetaten stiller nye krav til dei som skal innom kontoret.

Her må du no bruke munnbind for å kome på besøk

Dei som skal fysisk innom lokala til Skatteetaten må vere klar over at den har innført eigne koronakrav for besøk.

Frå og med måndag 9. november må publikum som møter opp i lokala til Skatteetaten ha på munnbind. Det varslar etaten i ei pressemelding.

Skatteetaten har mellom anna kontor i Bø og Skien.

Dette gjeld alle som skal møte for kontroll av ID, melding om flytting til Noreg og førstegongssøknader om skattekort for utanlandske statsborgarar.

Har fått beskjed

Skatteetaten opplyser at alle som har bestilt time har fått melding om kravet om munnbind. Det er også lagt ut informasjon på heimesida til Skatteetaten.

– Me set helse i første rekkje og innfører påbod om munnbind på skattekontoret. Det er basert på ei heilheitleg vurdering av smittesituasjonen no, både med tanke på dei som besøkjer oss og tilsette i lokala, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Mykje kan ordnast på nett

Tenester som krev fysisk oppmøte er ID-kontroll, stadfesting av farskap, gjennomføring av DNA-test, melding om flytting til Noreg og førstegongssøknader om skattekort frå utanlandske statsborgarar.

Elles kan det meste ordnast på nett, melder etaten. Der kan ein også stille spørsmål, på chat eller telefon. Dersom ein skal møte på skattekontoret, må ein tinge time først.

Ein må sørgje for å ha munnbind sjølve, men første dagane vil skattekontoret ha nokre liggande.

Barn under tolv år og personar som av medisinske grunnar ikkje kan bruke munnbind slepp.