Bø vidaregåande skule
FØLGJER NASJONALE REGLAR: Bø vidaregåande skule er sett på raudt nivå. FOTO: Arkivfoto

Ein skuleelev smitta – 42 elevar og fire lærarar i karantene

Ein elev i første klasse ved Bø vidaregåande skule fekk onsdag ettermiddag påvist covid-19. Fleire elevar og lærarar er nå i karantene.

Ifølgje ei skriftleg melding sendt frå rektor Jon Helge Bergane til elevane ved Bø vidaregåande skule onsdag ettermiddag, har ein elev i første klasse ved skulen fått påvist koronasmitte.

I første omgang betyr det at 42 elevar og fire lærarar har blitt sett i karantene med umiddelbar verknad.

Familien testa negativt

Ifølgje smittevernlege Solveig Tangen Nielsen har også familiemedlemmane til den smitta eleven testa seg. Alle har fått negativt svar på sine prøver.

Har god kontroll

Smittesporingsgruppa har ifølgje Tangen Nielsen god oversikt over situasjonen. Den har allereie gjort seg ferdig med kartlegginga rundt den smitta.

Alle som nå er sett i karantene vil bli kontakta direkte av smittesporingsgruppa i forhold til å avtale tid for testing framover, ifølgje smittevernlegen.

– Slik sett er det ein omfattande jobb å gjere fordi det er mange menneske involvert. Likevel har kommunen nokonlunde kontroll på dette, opplyser kommunikasjonsansvarleg i Midt-Telemark kommune, Marte Midttun Lie til Bø blad onsdag.

Ikkje heile skulen

Ifølgje rektor ved Bø vidaregåande skule, er det førebels bare elevane i visse klasser som skal vere i karantene. Alle andre klasser møter på skulen til vanleg undervsining.

– I enkelte tilfelle vil nokre grupper få digital undervisning frå faglærar som er i karantene. Elevar som nå skal ha heimeundervisning skal følgje vanleg timeplan, og det blir ikkje ført fråvær, melder rektor.

Blir oppdatert

Bergane oppfordrar samtidig elevane til å følgje med på Teams, der det vil bli gjeve oppdatert informasjon frå både skuleleiinga og faglærarar.

Dette er klassene som er sett i karantene, ifølgje Bergane: 28 elevar i 1STB, ti elevar i 1STC, tre elevar i 1DA, ein delkurselev og fire lærarar.