IKKJE NYE NASJONALE TILTAK NÅ. Statsminister Erna Solberg lar fortsatt kommunane handtere smittesituasjonen lokalt, men varslar strengare tiltak dersom dei ikkje klarar det.
IKKJE NYE NASJONALE TILTAK NÅ. Statsminister Erna Solberg lar fortsatt kommunane handtere smittesituasjonen lokalt, men varslar strengare tiltak dersom dei ikkje klarar det.

Strammar ikkje inn nasjonale tiltak nå – legg meir ansvar på lokal smittehandtering

Nå kjem det an på korleis kommunane handterer smittesituasjonen. Regjeringa vil gripe sterkare inn med strenge tiltak dersom ein ikkje klarar å halde smitten nede framover.

 

Statsminister Erna Solberg kom ikkje med beskjeden som mange hadde venta i dag.

I staden for å stramme inn og leggje fram nye nasjonale tiltak, advarte Solberg om at akkurat det kjem til å skje innan eit par veker dersom smittenivået ikkje synker raskt og det viser seg å ikkje vere effektivt nok å la kommuane sjølv handere smittesituasjonen.

Strengare tiltak kan kome

– Får me saman slått ned smitten med lokale og regionale tiltak, kan me unngå ytterlegare forsterka nasjonale tiltak som òg vil ramme område med mindre smitte. Viss det ikkje viser seg at dei lokale, regionale og nasjonale tiltaka me har i dag er tilstrekkelege til å få ned smitten, må me  innføre strengare nasjonale tiltak, sa statsministeren da ho tysdag føremiddag informerte Stortinget.

– Dei siste vekene har tala igjen peika oppover, og dei meir smittsame variantane av koronaviruset er i ferd med å overta som dei dominerande virusvariantane, sa Solberg, og la til at ein nå vil senke terskelen for at regjeringa kan overstyre lokale myndigheiter og innføre strenge smitteverntiltak.

Ifølgje statsministeren skal kommunelegane derfor kunne setje i gang lokale tiltak raskare enn i dag. Dersom tiltaka ikkje verkar, kan regjeringa i dialog med kommunane ta over og innføre strengare tiltak.

– Eg ber om ei siste kraftprøve. Ver flinke i mars og april, slik at me kanskje kan opne meir opp i mai, sa statsministeren.

Dei neste to vekene viktige

Dei neste to vekene blir avgjerande for kor strenge smitteverntiltak regjeringa vil innføre. Fortsatt vil kommunane ha ansvar for eventuelle forsterka tiltak, og alle blir bedne om å halde seg nøye til følgjande tiltak dei neste vekene, i tillegg til å halde god avstand til kvarandre og vaske hendene godt:

  • Avgrense sosial kontakt med andre
  • Unngå å møte kvarandre innandørs, og heller treffe kvarandre ute
  • Ikkje reise utanlands
  • Unngå unødvendige innanlandsreiser
  • Dei som kan bør ha heimekontor
  • Ikkje ha arrangement som samlar folk frå fleire kommunar

Ikkje reise i påska

– Viss alle er flinke til å følgje desse reglane nå, kan smitten haldast nede, sa statsministeren, og varsla ny informasjon om kva for tiltak og anbefalingar som skal gjelde i påska, og at dette er avhengig av smitteutviklinga dei komande vekene.

– Eg oppfordrar allereie nå nordmenn som bur i utlandet om å ikkje kome heim til påske, også studentar, og heller ikkje reise ut av landet. Desse reiseråda gjeld til 15. april, sa Solberg.

Ho sa også at høgskular og universitet blir bedne om å ha digital undervisning den første veka etter påske.