Onsdag er Midt-Telemark heilt smittefri, ifølgje kommuneoverlegen, og slik har det vore lenge nå. Kommunen held seg fortsatt til dei generelle nasjonale smittevernråda, som ifølgje Sekse allereie er ganske strenge, men her er fortsatt ope på mange område. Kor lenge det vil vare, er Sekse likevel usikker på.
Rammar yngre folk
– Smitten er nær. Halve fylket er i ein svært krevjande situasjon. Eg har nettopp vore i møte med Statsforvaltaren og i Vestfold-delen har dei det svært krevjande nå, seier Sekse, og fortel om stor auke i innlagte koronapasientar på sjukehusa.
– Det er allereie fullt på intensivavdelingane der, og det kan fort skje her òg viss smitten kjem. Det er den engelske mutasjonen som herjar nå. Me ser at den rammar litt yngre aldersgrupper. Mange fleire av dei som blir smitta er i 50- og 60-årsalderen, og dei blir alvorleg sjuke, særleg i Oslo-området. Det er slettes ikkje noko hyggeleg bilde det blir rapportert om, seier Sekse.
– Reising er problem
Sekse er òg kommuneoverlege i Nome. Der blei det nyleg rapportert om eit nytt smittetilfelle.
– Eg veit ikkje om personen som er smitta er ramma av den engelske mutanten. Den smitta oppheld seg ikkje i Nome, men bur ein annan stad, seier Sekse.
Ho fortel at sjølv om det ikkje er nokon av innbyggjarane i Midt-Telemark som er smitta akkurat nå, har dei nok å gjere med smittesporing likevel.
– Problema kjem når folk bevegar seg. Det gjeld folk som har vore ute og reist rundt omkring i Noreg, enten fordi dei er på jobb eller besøker familie i kommunar med høgare smittetrykk enn det me har her. Viss dei har vore hos folk som blir smitta, får me melding frå andre kommunar om at dei er nærkontaktar og at dei må følgast opp og bli sett i karantene, seier Sekse.
– Alle bør halde seg i ro
Kommuneoverlegen fortel at kommunen fortløpande har folk som sit i karantene fordi dei har vore på farten, sjølv om ingen er rapportert smitta i kommunen.
– Derfor bør eigentleg folk halde seg mest muleg i ro nå og ikkje reise til noko område med høgt smittetrykk, enten det er utanlands eller i vest eller aust i Noreg. Det er faktisk viktig at kvar og ein tek dette ansvaret nå, seier Sekse.
– Hald dykk heime, unngå besøk, og møt kvarandre ute. Gå på ski, ver ute, oppfordrar ho midt-telemarkingane til.
Ekstra beredskap
Sekse fortel at dei er innstilt på at det kan kome eit smitteutbrot i vårt område også.
– Me har ekstra beredskap og er førebudd. Det har me vore i eitt år. Utfordringa ved eit utbrot her vil vere slik det alltid har vore: Me er bekymra for at helsevesentet skal bli ramma, og at pleiarar blir fråverande. Me har dessverre ikkje fått vaksinert så mange av dei som jobbar i helsevesentet ennå, seier kommuneoverlegen, men påpeikar samtidig at dei ikkje er like bekrymra for dei eldste lenger, ettersom dei er vaksinerte.
Ventekarantene
I samband med at den engelske mutasjonen av koronaviruset smittar lettare, har ein nå innført utvida smittesporing. Det betyr i praksis at viss ein person er nærkontakt med nokon som blir smitta, vil også nærkontaktane til denne personen bli sett i karantene inntil ein får smittesvar frå den første nærkontakten.
– Dette blir kalt for ventekarantene, og medfører ganske mange folk inn i karantene og mykje fråvær viss det blir aktuelt. Me opererer med dette nå, og håpar at det òg er med på å halde smitten i sjakk, seier Sekse.
Hjartet i halsen
Når det gjeld påska og hyttefolket er Sekse litt bekymra.
– Eg har hjartet litt i halsen når det kjem til hyttefolk utanfrå i kommunen. Folk har lov til å reise på hytta, men oslofolk og innbyggjarar i andre område med høgt smittetrykk er pålagt å halde seg til smittevernreglar i sitt heimeområde viss dei reiser ut. Om dei gjer det, er ein annan sak. Dei har fått sterke anbefalingar om å handle heime og ikkje bevege seg i lokalsamfunnet. Det veit me jo ikkje om skjer, seier Sekse, som ikkje har lov til å lage lokale forskrifter.
Ungdom må òg følgje strenge råd
– Når det gjeld ungdom ber me også dei vere flinke til å følgje råda som gjeld framover nå, og helst møte kvarandre utandørs. Me får ein del førespurnader på arrangement som må utgå på grunn av reglane. Eg oppfordrar dei unge til å nyte våren og finne på noko saman utandørs der ein kan halde avstand. Dei bør helst ikkje besøke kvarandre heime nå eller dra på overnattingsbesøk, seier Sekse, og legg til at kommunen prøvar å halde ope all fritidsaktivitet for unge.
– Me er så heldige å ha Ung Arena og frivilligsentralen som tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge, dessutan kan me halde skulane opne, seier Sekse
Studentar bør vere veldig forsiktige
Kommuneoverlegen har fortløpande kontakt med universitetet når det gjeld studentane, og følgjer med på situasjonen der så langt det er muleg.
– Når det gjeld studentar som planlegg å kome heim til påske, vil eg oppfordre dei til å vere veldig forsiktige og teste seg ved det minste symptom.
Testar og vaksinerer i påska
– Me vil både teste og vaksinere folk i påska, men det er smittverninnsatsen til den enkelte som gjeld. Personleg oppførsel har faktisk stor betydning, og eg meiner at smittesituasjonen i kommunen er så bra takka vere innbyggjarane våre, seier Sekse, og oppfordrar alle til å vere flinke til å søkje informasjon og teste seg raskt viss ein får symptom på smitte.
– Eg vil takke for innsatsen som alle legg ned, den er avgjerande, avsluttar kommuneoverlegen.