NYE SMITTETILFELLE: Fire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.
NYE SMITTETILFELLE: Fleire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Melder om det sjette smittetilfellet i Midt-Telemark på ei veke

Måndag kveld vart det igjen stadfesta ein person med positiv covid-19-test i kommunen vår.

Midt-Telemark kommune melder tysdag morgon om enda eit nytt smittetilfelle av covid-19 i kommunen.

Det er den sjette positive testen i vårt område på sju dagar. I førre veke vart det meldt om eitt nytt tilfelle kvar dag frå og med tysdag. Bare søndag var det stille på rapporteringsfronten.

I smittetilfellet som blei meldt inn måndag kveld denne veka er smittevegen kjent, og det er få nærkontaktar. Smittesporinga er òg avslutta.