SMITTE- OG VAKSINASJONSKART. Statsforvaltaren har utarbeidd eit kart som viser korleis det står til med risikonivået for smitte i Vestfold og Telemark.
Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
NYE PRØVESVAR. Laurdag kom det inn svar på koronatestane tatt fredag. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Smittetalet aukar – tre nye meldt smitta i kveld

Tre personar har fått påvist covid-19 onsdag. Smitteveg er kjent hos alle.

Midt-Telemark kommune melder om tre nye smitta personar onsdag kveld.

– To av dei er i same husstand, og ein er kjent nærkontakt, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Kommunen opplyser at smittevegen er kjent hos alle dei tre nye smittetilfella.

Kjem frå Grenland

– Den påviste smitten blant dei tre er vidarespreiing frå smitte i Grenland. Smittesporing er starta og alle nærkontaktar blir kontakta i løpet av kvelden, opplyser kommunen.

Eitt tilfelle er knytt til Gvarv skole, men vedkomande har ikkje vore på skulen i aktuell smitteperiode som var sist veke.

Det er i dag åtte smitta personar som sit i isolasjon i kommunen.