SENTRAL ROLLE. Kommunane hadde ei sentral rolle da Noreg etter ei djup krise under andre verdskrig skulle gjenreise landet.
HER BLIR VEDTAK GJORT: Kommunehuset i Midt-Telemark. FOTO: Arkivfoto

– Det er nødvendig å stille spørsmål til kvifor så mange leiarar sluttar

Midt-Telemark kommune har eksistert sidan 1. januar 2020. På 18 månader har kommunen på ingen måte gått seg til. Mykje godt forarbeid var gjort av ein god og stabil administrasjon og politikarane i dei to kommunane Bø og Sauherad på førehand, men det tek tid å byggje både ny organisasjon, nye samarbeidsfelt og finne nye konstellasjonar. I tillegg skal ein innarbeide ein felles arbeidskultur, noko som av og til kan vere utfordrande viss det ein kjem frå er veldig annleis enn det ein skal inn i. Kor endringsvillige dei tilsette i organisasjonen er, spelar sjølvsagt også ei rolle.

For Midt-Telemark kommune sin del har det vist seg at økonomien har blitt svært krevjande, og i augneblinken ser det ikkje ut til at den skal bli så mykje lettare i tida som kjem. Det kan vere vanskeleg å peike på kva den eksakte årsaken er, men her ligg både gamle saker frå dei gamle kommunane, der kommunen mellom anna tapar store pengar i rettssystemet, utfordringar knytt direkte til kommunesamanslåinga, samt nyare politiske vedtak som ikkje blir følgd opp eller kanskje ikkje var så strategisk lure.

Uansett korleis det har blitt eller ein har stilt seg, må dei som nå har ansvaret realitetsorientere seg og setje alle krefter inn på å finne dei rette løysingane, der næring må gå føre tæring. Det kan ikkje bare vere lett når ein må bruke krefter på å tette hola i ein administrasjon som lek leiarar så det held. Sidan februar 2020 da ein mangeårig kommunedirektør måtte gå, fram til dagens assisterande kommunedirektør med økonomiansvar meldte sin avgang i kommunen, har det slutta seks sentrale og erfarne leiarar i kommunen, fem av dei kommunalsjefar. Tre av dei har vore tydelege på at kommuneleiinga har vore eit problem og direkte årsak til at dei sluttar i kommunen.

Det er sjølvsagt ikkje slik at alle har same grunn til å slutte i ein jobb, dessutan kan det òg vere nødvendig med friskt blod. Krevjande økonomi kan sjølvsagt i seg sjølv vere ein grunn til at ein vil vekk, men det er nødvendig at både politisk og administrativ leiing og dei folkevalte nå stiller spørsmål til kvifor leiinga smuldrar bort, og korleis ein skal løyse denne situasjonen. Med ein organisasjon som blir ribba for all historikk og erfaring, ligg det eit enda tyngre ansvar på dei som er igjen og dei som er nye.