FYRSTE STIKK: Kjell Stundal er klar til å få sitt fyrste stikk av vaksinatør Sigunn Liestøl.
ERFAREN SJUKEPLEIAR: Kjell Stundal er klar til å få sitt fyrste stikk av vaksinatør Sigunn Liestøl. FOTO: Gro B. Røiland

Etterlyser midt-telemarkingar mellom 18 og 44 år

Kommuneleiinga oppfordrar nå den yngste vaksinegruppa i Midt-Telemark til å melde seg til vaksinering. 

Innbyggjarar i Midt-Telemark som er mellom 18 og 44 år blir nå oppfordra til å bestille time for å få første dose av koronavaksina.

– I denne aldersgruppa er det per nå ikkje så god vaksinedekning i Midt-Telemark. Det er bare 65 prosent som har fått første dose av vaksina, seier varaordførar Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø.

– Det som er viktig nå er at flest muleg får den første dosa, sjølv om me også set dose to dersom det er vaksinar nok, seier ho.

Nordbø er usikker på kvifor det ikkje er så mange i den yngste aldersgruppa som har nytta høvet til å bestille time for å få den første vaksinedosa.

– Det har truleg noko med ferien å gjere. Eg håpar det ikkje skuldast vaksinevegring. For oss i kommunen er det viktig å motivere folk til å la seg vaksinere fordi det bør vere ein viss prosent av befolkninga som bør ha tatt vaksina før det får effekt for pandemien, seier varaordføraren.

I sommar er det muleg å bli vaksinert på onsdagar og torsdagar, og ein kan bestille time på kommunens heimesider, eller gå direkte til bestilling på denne lenka:

https://midt-telemark.kommune.no/korona/koronavaksine/bestille-vaksinetime.126796.aspx

Ansvar for studentane

Kommunen har også ansvar for å vaksinere studentar når dei er på plass att i bygda. Dei som har fått første vaksinedose skal få sin andre når dei kjem til studiestaden sin.

Utanlandsstudentar skal òg få vaksine i den kommunen dei studerer i, opplyser Nordbø.

Vaksinestatus per nå

Ifølgje varaordføraren blei det sett 614 vaksinedosar i førre veke. Både dose ein og dose to blei sett.

– Det er bra tempo i vaksinasjonsarbeidet, og veldig effektivt, og me har vaksinar nok, seier Nordbø.

Vaksinasjonsdekninga ser nå slik ut i dei ulike aldersgruppene:

65-74 år: 86 prosent har tatt vaksine

55-64 år: 69 prosent har tatt vaksine

45-54 år: 68 prosent har tatt vaksine

– Dei eldre har nok vore meir ivrige etter å få vaksine ettersom dei blir sjukare, så i desse gruppene er vaksinedekninga veldig bra. Målet er likevel at så mange som muleg tek vaksina slik at lokalsamfunnet blir mest muleg beskytta for smitte, seier Nordbø.

Ikkje smitte i kommunen

Når det gjeld smittestatusen i regionen er den ifølgje Nordbø under god kontroll.

– Smittesítuasjonen i Midt-Telemark er veldig bra. Det er per i dag ingen smittetilfelle i kommunen. I Nome er det to som er smitta, og som har nærkontaktar på Gvarv, men det er ein situasjon som er tatt hand om, opplyser varaordføraren.

Ho håpar at dette fortset slik at ein kan opne barnehagar og skular som normalt om nokre veker.

– Det er i tråd med dei nasjonale føringane som blei lagt fram av helse- og omsorgsministeren i går. Det nye da var mellom anna at ein skal prioritere barn og unge slik at dei får ein mest muleg normal skulestart etter sommarferien, seier Nordbø.

Frå 16. august vil barn og unge under 18 år bli unntatt plikt til smittekarantene, med unntak av husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære kontaktar til den smitta personen, som for eksempel ein kjærast. Unntaket gjeld bare dersom det blir gjennomført testing i tråd med retningsliner frå kommunen. Det vil bli utarbeidd nasjonal rettleiing om kva for testregime kommunane bør ha. Viss ikkje testregimet blir gjennomført, har vedkomande plikt til karantene.