NYE SMITTETILFELLE: Midt-Telemark kommune melder om nedgang i talet på positive koronatestar laurdag morgon. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
https://boblad.no/2021/12/30/har-kome-smitta-personar-fra-utlandet/
HØG SMITTE: Mange nye midt-telemarkinga har testa positivt for korona denne veka. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny smitta elev i 6. klasse

Ein ny elev på 6. trinn ved Bø skule har i dag testa positivt for covid-19 på hurtigtest. Det opplyser Midt-Telemark kommune.

Eleven, som går i ei anna klasse enn eleven som fekk påvist smitte tysdag, var på skulen i smitteførande periode torsdag 16. september.

Nå skal alle på 6. trinn møte til hurtigtest laurdag 18. september på teststasjonen ved Bø Frivilligsentral. Klasse 6c, som hadde det fyrste smittetilfellet, skal ta hurtigtest nummer 2. Elevar i klassene 6a og 6b skal ta hurtigtest nr 1.

Dette påverkar ikkje dei andre klassetrinna på skulen, som ifølgje rektor Anlaug Aase Cowles har vanleg skule i veke 38. Berørte klasser og tilsette er kontakta og informert.

Avgrens sosiale aktivitetar

Pandemivakta kjem med sterk anbefaling om at foreldre avgrensar elevane på sjette trinn sine sosiale aktivitetar fram til det er kome svar på fyrste hurtigtest.

Hvis hurtigtesten er negativ, kan ein etter retningslinene gå på skulen. Testen er negativ hvis foreldra ikkje har høyrt noko anna 30 minuttar etter at testen er tatt.

Det er kun dei med positiv test som blir kontaka. Foreldra har ansvar for å få barna til testing.

Viss nokon får symptom, som feber, hoste, sår hals og tett nese, må ein halde seg heime og bestille PCR- test.