NYE NAMN: Nokre av desse har fått nye namn. 
TO NYE TILFELLE: Tysdag blei det kjent at det er to nye smittetilfelle av korona i Midt-Telemark kommune. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
NYE: Midt-Telemark kommune melder om nye smittetilfelle. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Testresultata for sjetteklassingane i Bø er klare

Midt-Telemark kommune har nå fått svar på alle hurtigtestane tatt av elevar på 6.klassetrinn ved Bø skule. Dei er negative.

Alle tre klassene på 6.trinn ved Bø skule har tatt hurtigtestar for covid-19 etter at ein elev testa postivt på hurtigtest fredag. Det var andre tilfelle på 6. trinn i løpet av veka. Den fyrste eleven testa positivt tysdag.

Laurdag har alle 6.-klassingane tatt hurtigtest ved teststasjonen ved Bø frivilligsentral. Alle desse viser seg å vera negative.

For klassa der det fyrst blei oppdaga smitte, er dagens hurtigtest den andre denne veka. For dei to andre klassene er dagens test den fyrste. Dei skal ta ny hurtigtest måndag.

Positive PCR-testar

Kommunen opplyser at eleven som testa positivt fredag også har testa positivt på PCR-test. Svaret kom i dag.

Det er også kome ein positiv PCR-test på ein person som ikkje er busett i Midt-Telemark, men som har tatt testen her. Vedkomande skal vidare til sin heimkommune.