Vellykka tiltak. Tysdag kveld hadde Bø & Sauherad Røde Kors invitert til foredrag med Karina Hollekim i Gullbring. Ho er kjent som basehopper og freestyle-utøver, og for ein nesten full­stett­ sal  fortalte Karina historia si, og om korleis ho kom seg igjen etter ulykka i 2006.
POPULÆRT FOREDRAG. Bø og Sauherad Røde Kors invitert til foredrag med Karina Hollekim i Gullbring. Ho er kjent som basehopper og freestyle-utøver, og for ein nesten full­stett­ sal fortalte Karina historia si, og om korleis ho kom seg igjen etter ulykka i 2006. FOTO: José BakkerBilde 1 av 16
BARNAS JUBELDØGN: 40 jublande barn frå 1.-4. klasse var nyleg på Barnas jubeldøgn på Bø bedehus, saman med eit ungdomsteam frå Acta Telemark og ein god gjeng blide, lokale ungdommar. Det var leik og aktivitetar, samlingar, nattsafari, og forming. Det heile starta med pizza saman med 40 foreldre på fredag, og blei avslutta med samling og suppe på laurdag.
BARNAS JUBELDØGN: 40 jublande barn frå 1.-4. klasse var samla til Barnas jubeldøgn på Bø bedehus, saman med eit ungdomsteam frå Acta Telemark og ein god gjeng blide, lokale ungdommar. Det var leik og aktivitetar, samlingar, nattsafari, og forming. Det heile starta med pizza saman med 40 foreldre på fredag, og blei avslutta med samling og suppe på laurdag. FOTO: Signe Vreim ØsttveitBilde 2 av 16
SESONGAVSLUTNING. Bø o-lag hadde nyleg sesongavslutning, der postane i skogen var bytta ut med innandørs orientering på Bø ungdomsskule. Det var òg o-quiz, lotteri og servering. Laget har rundt 100 medlemmer, og trening kvar onsdag. På avlutninga fekk dei under 18 år pokal og premiar. Bak f.v: Aleksander Stålberg Fossland, Kristina Stålberg Fossland, Johnny Fossland, Vegard Bratland Solberg, Gaute Bratland Solberg, Sondre Harstad Rinde, Tobias Harstad Rinde. Framme f.v: Håkon Porsholt Hvamb, Vemund Porsholt Hvamb, Even Haugen, Viljar Porsholt Hvamb, Ida Haugen, Mathilde Steinstad, Vetle Porsholt Hvamb, Stine Almås Hefre.
SESONGAVSLUTNING. Bø o-lag hadde sesongavslutning, der postane i skogen var bytta ut med innandørs orientering på Bø ungdomsskule. Det var òg o-quiz, lotteri og servering. Laget har rundt 100 medlemmer, og trening kvar onsdag. På avlutninga fekk dei under 18 år pokal og premiar. Bak f.v: Aleksander Stålberg Fossland, Kristina Stålberg Fossland, Johnny Fossland, Vegard Bratland Solberg, Gaute Bratland Solberg, Sondre Harstad Rinde, Tobias Harstad Rinde. Framme f.v: Håkon Porsholt Hvamb, Vemund Porsholt Hvamb, Even Haugen, Viljar Porsholt Hvamb, Ida Haugen, Mathilde Steinstad, Vetle Porsholt Hvamb, Stine Almås Hefre. FOTO: Tone Nilsen, Bø o-lagBilde 3 av 16
LUNSJ OG LYRIKK: Akademika bokhandel Bø inviterte til litteraturlunsj med lyrikk som tema sist veke. Det var innslag frå forfattarstudentane si poesiveke, samt lokale bidrag frå Marthe Haugerud og Magnus Lieungh.
LUNSJ OG LYRIKK: Akademika bokhandel Bø inviterte til litteraturlunsj med lyrikk som tema. Det var innslag frå forfattarstudentane si poesiveke, samt lokale bidrag frå Marthe Haugerud og Magnus Lieungh. FOTO: Øystein AkselbergBilde 4 av 16
HISTORISK KONSERT FOR MIDT-TELEMARK KULTURSKOLE. Torsdag 28. oktober heldt kulturskulen sin fyrste  konsert i amfiet på den nye skulen på Gvarv. Det var ein flott konsert med mange  og varierte innslag. På bildet ser ein tre av fiolinelevane. F.v. Liv Idunn Brynjulvsrud Wistedt, Sigrid Tellnes og Hanna Hesleskaug Astad.
HISTORISK KONSERT FOR MIDT-TELEMARK KULTURSKOLE. Torsdag 28. oktober heldt kulturskulen sin fyrste konsert i amfiet på den nye skulen på Gvarv. Det var ein flott konsert med mange og varierte innslag. På bildet ser ein tre av fiolinelevane. F.v. Liv Idunn Brynjulvsrud Wistedt, Sigrid Tellnes og Hanna Hesleskaug Astad. FOTO: Sverre JacobsenBilde 5 av 16
FORANDRING I KVARDAGEN: Fredag 5. november hadde Systemblokk besøk av ein foodtruck frå Oslo for å gjere litt ekstra stas på dei tilsette.
FORANDRING I KVARDAGEN: Fredag 5. november hadde Systemblokk besøk av ein foodtruck frå Oslo for å gjere litt ekstra stas på dei tilsette. FOTO: PrivatBilde 6 av 16
VINNAR AV VERVEKAMPANJE: Heidi Vege blei trekt ut som vinnar av premien i Bø blad sin vervekampanje. Ho verva dotttera og svigersonen som nye abonnentar, og vant dermed eit gåvekort til Bø Hotell. Vege synest det er veldig gøy å vinne, og seier at ho vil ta dei nye abonnentane med til hotellet.
VINNAR AV VERVEKAMPANJE: Heidi Vege blei trekt ut som vinnar av premien i Bø blad sin vervekampanje. Ho verva dotttera og svigersonen som nye abonnentar, og vant dermed eit gåvekort til Bø Hotell. Vege synest det er veldig gøy å vinne, og seier at ho vil ta dei nye abonnentane med til hotellet. FOTO: José BakkerBilde 7 av 16
FLOTT KULTURLANDSKAP. Strekninga av Bøelva som omfattar Sagafossen, Sagahølen, Haugfoss og Midtbøhølen er eit flott natur- og kulturlandskapsområde. Her er det eit yrande fugleliv. Måndag ettermiddag var desse fine Knoppsvanane å sjå på Sagahølen. Bak ser ein også Sagafossen.
FLOTT KULTURLANDSKAP. Strekninga av Bøelva som omfattar Sagafossen, Sagahølen, Haugfoss og Midtbøhølen er eit flott natur- og kulturlandskapsområde. Her er det eit yrande fugleliv. Ein ettermiddag i november var desse fine Knoppsvanane å sjå på Sagahølen. Bak ser ein også Sagafossen. FOTO: Øystein AkselbergBilde 8 av 16
JULEGRANTENNING: Fredag førre veke kom julegrana på plass utanfor Midt-Telemark kommunehus. Her blei lysa hengt opp og testa før julegran­tenninga på sundag.
JULEGRANTENNING: Ein fredag sist i november kom julegrana på plass utanfor Midt-Telemark kommunehus. Her blei lysa hengt opp og testa før julegran­tenninga på sundag. FOTO: Karianne SøftelandBilde 9 av 16
MINIKONSERT: Kafégjestene som sundag koste seg med kaffi, kling og spa på Polen på Bø museum, fekk ein minikonsert med Spelemannslaget Bøheringen med på kjøpet. Musikalsk leiar i laget, Lars-Ingar Meyer Fjeld, fortalde også historier om slåttar og lokale spelemenn.
MINIKONSERT: Kafégjestene som sundag koste seg med kaffi, kling og spa på Polen på Bø museum, fekk ein minikonsert med Spelemannslaget Bøheringen med på kjøpet. Musikalsk leiar i laget, Lars-Ingar Meyer Fjeld, fortalde også historier om slåttar og lokale spelemenn. FOTO: Gro B. RøilandBilde 10 av 16
FEIRA NYTT NAMN. Damene i eigedomsmeklarfirmaet med det nye namnet Lokalmegleren og Partners feira at dei nå er del av ei ny kjede. Det blei både kake og skål på jobb sist veke. F.v. Gunhild Nymoen, Aud Elin Lio, Berit Seltveit, Frida Henriksveen og Lena Stadskleiv.
Foto: José Bakker
FEIRA NYTT NAMN. Damene i eigedomsmeklarfirmaet med det nye namnet Lokalmegleren og Partners feira at dei nå er del av ei ny kjede. Det blei både kake og skål på jobb. F.v. Gunhild Nymoen, Aud Elin Lio, Berit Seltveit, Frida Henriksveen og Lena Stadskleiv. FOTO: Jose BakkerBilde 11 av 16
FOTBALL ETTER SKULETID. Onsdag 27. oktober såg det slik ut på Sandvoll i Bø. Her er det 3. og 4. klassingar som er på FFO og spelar kamp i fin ettermiddagssol.
FOTBALL ETTER SKULETID. Onsdag 27. oktober såg det slik ut på Sandvoll i Bø. Her er det 3. og 4. klassingar som er på FFO og spelar kamp i fin ettermiddagssol. FOTO: José BakkerBilde 12 av 16
EINSAM PÅ PLENEN: Denne prestekragen har kanskje tatt litt feil av årstida? Biletet blei teke tysdag 26. oktober.
EINSAM PÅ PLENEN: Denne prestekragen har kanskje tatt litt feil av årstida? Biletet blei teke tysdag 26. oktober. FOTO: PrivatBilde 13 av 16
RYDDEAKSJON: Etter ein oktober-månad med fokus på brystkreft, der rosa sløyfer har vore pynt i Bø og Gvarv sentrum, var det på tide å rydde dei ned. Her er Daggry og Anna i aksjon, og dei fortel at det er andre året dei brukar sløyfene ute, og at dei fortsatt ser like fine ut. FOTO: José Bakker
RYDDEAKSJON: Etter ein oktober-månad med fokus på brystkreft, der rosa sløyfer var pynt i Bø og Gvarv sentrum, var det på tide å rydde dei ned. Her er Daggry og Anna i aksjon, og dei fortalde at det er andre året dei brukar sløyfene ute, og at dei fortsatt ser like fine ut. FOTO: Jose BakkerBilde 14 av 16
Første konsert i Bø. Minor Majority med Pål Angelskår i spissen spelte på klubbscena til Bø jazzklubb i Framstugo på Gullbring kulturanlegg sist fredag. Konserten var heilt utseld og det var god stemning både på scene og i sal.			      Foto: Øystein Akselberg
FØRSTE KONSERT I BØ: Minor Majority med Pål Angelskår i spissen spelte på klubbscena til Bø jazzklubb i Framstugo på Gullbring kulturanlegg. Konserten var heilt utseld og det var god stemning både på scene og i sal. FOTO: Øystein AkselbergBilde 15 av 16
FASTE GJESTER: Desse tre pekingendene møtte me på Beverøya camping i slutten av oktober. Dei har budd på campingen sidan i februar og har fått eige hus med varme og elektrisk dør. Campingvertskapet kjøpte endene i Drangedal og oppfostra dei i vasken på eit bad. Dei var eigentleg fire i talet. No er dei blitt faste gjester på campingplassen og ser ut til å stor­trivast. 								       Foto: Øystein Akselberg
FASTE GJESTER: Desse tre pekingendene møtte me på Beverøya camping i slutten av oktober. Dei har budd på campingen sidan i februar og har fått eige hus med varme og elektrisk dør. Campingvertskapet kjøpte endene i Drangedal og oppfostra dei i vasken på eit bad. Dei var eigentleg fire i talet. No er dei blitt faste gjester på campingplassen og ser ut til å stor­trivast. FOTO: Øysgtein AkselbergBilde 16 av 16

Sjå glimt og gløtt frå noko av det som har skjedd i kommunen den siste månaden

Det er mykje som skjer av stort og smått i alle delar av Midt-Telemark kommune. Her er nokre glimt frå den siste månaden.