211209 Sett frå lufta Bøhaugen og Bøgata på slutten av 1950-talet

Bøhaugen og Bø sentrum på slutten av 1950-talet

Bildet er tatt frå vest og viser Bøhaugen i framgrunnen. Dei to kyrkjene pregar dette høgdedraget, og kan sjåast frå store delar av bygda.

Bø sentrum utvikla seg til ein stasjonsby og skulestad frå 1920-åra. Då fekk ein realskule og jernbane, noko som la grunnlaget for den store utbygginga som skjedde kring Bøgata og Stasjonsvegen.

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.Etter krigen kom det siste landsgymnaset i landet hit til Bø. Gymnaset og realskulen fekk eige nybygg i 1950-åra, det nye skulebygget ser vi til venstre i bildet, det gamle på Skoghaugen til høgre. Bø vart og eit handelssenter, med forretningar i Bøgata og Stasjonsvegen.

På kanten ut mot Bøevju vart heradshuset bygd, og rett ved kom brannstasjonen.

Sjølv om mykje var bygd her for vel 60 år sidan, slik vi ser på bildet, kan vi tenkje på alt som er bygd sidan flyfotoet vart tatt.

Faktaboks

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.