REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Me treng varme lokalsamfunn

Det nærmar seg jul, og da kjem følelsane og bankande godhjarte fram. I lokalavisa har me før jul  fleire saker om ulike folk og organisasjonar i lokalsamfunnet som vil hjelpe dei som ikkje har så mykje, eller inviterer dei som er einsame til fellesskap i julehøgtida.

Det er godt med slike saker, og det gjev håp. At folk vil bidra viser at det er mange der ute som tenkjer større enn seg sjølv, og som har hjarte både for enkeltpersonar og det store felleskapet som me alle er ein del av. Det er viktig, for det blir ikkje betre for dei som har det verst viss ikkje dei som har det best bidrar med sitt. Saman kan me bli betre og løfte lokalsamfunnet til ein god stad å leve, bu og utvikle seg.

Ofte ser me at dei som har opplevd å ha det tøft er dei som gir mest. Det er kanskje ikkje så rart, for dei har kjent på kroppen korleis det er å vere aleine og einsame, at det smertar å vere i beit eller å ha dårleg økonomi i eit overflodssamfunn. Nettopp derfor er det imponerande å sjå korleis dei ter seg overfor sine medmenneske. Ei mor som har mista sonen sin i sjølvmord vil i sorga heidre han med å hjelpe dei som slit med å skaffe julegåver til sine. Det gjer ho gjennom eit minnefond oppretta etter sonen. På frivilligsentralen vil to unge kvinner som sjølv har vore aleine i jula arrangere julekveld for andre som er einsame.

Me har alle noko å lære av dei me les om i dagens avis. Me kan gjerne la oss inspirere av dei, og tenkje gjennom kva me sjølv kan gjere for at fleire skal få det godt i julehøgtida – og elles i kvardagen. Har me rom for ein eller fleire til ved julebordet vårt? Er det nokon me kan besøke, gje ein liten oppmerksamheit til eller bruke litt ekstra tid saman med nå? Er det nokon me kan be med på tur slik at dei ikkje blir sitjande enda meir einsame når det er pandemi og nedstenging?

Me kan alle gjere vårt, og det er ofte lite som skal til. Det krevst kanskje litt ekstra av oss, men det kan hende det gir meir tilbake. Me får i alle fall ikkje noko betre lokalsamfunn enn det me lagar til sjølv. Og det handlar ikkje om at andre er snille og tek seg av dette medan me sit på sidelinja og applauderer. Me har alle eit ansvar. Det handlar om meg og deg. Kva kan me gjere for andre i lokalsamfunnet vårt? Kor kan me bidra? Viss alle tenkjer litt meir slik – for ein kommune me kan få!