REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Summen av frivillig arbeid er stor, og det er stort behov for dette lagarbeidet

2022 er dedikert til å vere frivilligåret i Noreg. Solberg-regjeringa vedtok at året me nå har starta på skal setje fokus på frivillig arbeid, og det er forankra i regjeringas frivilligmelding. Forslaget om å ha eit frivilligår kom frå Frivillighet Norge, som er eit samarbeidsforum for over 300 frivillige medlemsorganisasjonar frå alle delar av frivillig sektor, og som representerer meir enn 50.000 lag og foreiningar.

Frivilligåret blei opna på den offisielle frivilligdagen den 5. desember 2021, og planen er at lag, foreiningar, frivilligsentralar, kommunar og næringsliv skal vere med på å synleggjere og aktualisere Noregs største lagarbeid, auke kjennskapen til frivillig arbeid og få fleire med. Frivillighet Norge har fått ansvaret for å planleggje og koordinere innsatsen i 2022, og frivilligåret skal bli markert frå nord til sør. Det skal skje både gjennom analoge og digitale arrangement. Det overordna målet er å auke deltaking og mangfaldet og setje fokus på meirverdien som frivillig sektor bidreg med i samfunnet.

Også i lokalsamfunnet i Midt-Telemark er ein i gang med denne markeringa. Det er mellom anna sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med dette gjennom året. Det skal også me i lokalavisa gjere. Det er ikkje noko nytt eller uvanleg at Bø blad – Lokalavis i Midt-Telemark løftar opp og er den viktigaste kanalen for synleggjering av det frivillige arbeidet i kommunen, det har me gjort i alle år. I 2022 skal me likevel gjere ein ekstra innsats på dette området ved å sjå nærmare på kva frivillig arbeid eigentleg betyr for lokalsamfunnet, og me skal vise fram mange av dei lokale laga som finst her.

I ei tid der fleire melder om aukande fokus på enkeltindividet og problem med å rekruttere frivillige, vil lokalavisa vere med og løfte fellesskapet som blir skapt og sjølvkjensla den enkelte får ved å gjere ein innsats for andre, i tillegg til gleda og hjelpa dei som får nyte godt av dette arbeidet får.

Under pandemien har fleire lag og foreiningar måtte endre på aktivitet og samvær, noko som har vore tungt for mange. Det viser kva frivillig arbeid betyr for folk, og kva for ein forskjell det kan gjere. I nyttårstala si sa Kong Harald at fellesskap er vårt beste vern mot vanskelege tider. Det har han nok heilt rett i. Summen av frivillig arbeid er kraftfull, og det er stort behov for det. Me kan alle vere med og bidra, og gjere ein forskjell for andre – og oss sjølve. Å delta er, som Kongen så klokt sa det: «ei gåve me gjev til oss sjølve – og til kvarandre».