OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Dei folkevalte skal ta avgjersla i ei vanskeleg sak, og me må stole på at dei set seg inn i den

Debatten om ein skal splitte opp det to år gamle fylket Vestfold Telemark har dei siste par vekene toppa seg. Dagens regjering har sagt at dei fylka som blei slått saman mot eit eller fleire fylkestings vilje under den førre regjeringa, kan søkje om å dele seg og gå tilbake til slik det var før. Det gjeld mellom anna Vestfold Telemark. Det er nåverande fylkesting som skal fatte eit vedtak, og fylkespolitikarane bestemte før jul at ein skal høyre kva kommunane meiner om saka. Kommunestyret i Midt-Telemark skal behandle dette måndag i neste veke.

I samband med kommunestyrets behandling av saka har kommunen lagt ut informasjon både på heimesidene sine og på Facebook, der innbyggjarane kan kome med sine synspunkt. Grunnidéen om at kvar einskild midt-telemarking kan kontakte ein politikar med sine innspel er god, og Facebook kan vere ein effektiv plattform for å høyre fleire enn dei (få) som ofte melder seg når saker blir lagt ut til offentleg høyring. Det er likevel mange fallgruver i bruk av sosiale medium som gjer ei slik «høyring» problematisk, særleg viss avsendar lar seg freiste til å bruke dette til dømes som ei slags meiningsmåling. Det handlar om representative utval når ein skal måle meining. Meiningsutveksling og innspel frå nokre få grupper på sosiale medium kan ein langt frå sidestille med ei meiningsmåling, sjølv om det er bra at innbyggjarane blir invitert til å kome med innspel på ein lågterskel ytringsplattform. Derfor er det problematisk at ordføraren, som sjølv har ei sterk politisk meining om saka, likevel lagar ein uformell tabell med to grafar, for og imot fylkesdeling, og deretter sender ut denne til gruppeleiarane i dei andre partia. Grafane er basert på kommentarar og innspel på kommunens og ordførarens eiga facebookside .

Det er dei folkevalte som skal ta avgjersla i denne komplekse saka. Dei er valt av innbyggjarane ved eit demokratisk og rettferdig val, og da må me stole på at dei set seg inn i saksdokumenta, som i denne saka er svært krevjande. Dei innheld forhåpentlegvis fakta nok til at representantane kan gjere seg opp ei meining om kva som er fornuftig sett i lys av korleis fylkeskommunen fungerer reelt i dag, og ikkje etter kva ein trur og synest – sjølv om det sjølvsagt kan vere vanskeleg å måle fakta etter så kort tid. 

Ordføraren er flink til å lytte og har rett i at ein ikkje alltid skal kimse av følelsar som skaper engasjement, men det er vel så viktig at ein gjer vedtak basert på fakta som ligg på bordet, og den jobben kan ein ikkje vente at alle innbyggjarar gjer.