FÅR EIGA SPALTE. Fribyforfattaren i Midt-Telemark får eiga spalte i lokalavisa.
SPALTIST: Fribyforfattaren i Midt-Telemark er fast spaltist i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.

– Nordmenn er som østers: har skal på utsida men er mjuke inni. Somme har til og med ei perle i seg

I februar har eg vore i Noreg i to år, og då særleg i Bø. Bø er ein stad som har fått meg til å føle meg heime.

Korleis er livet mitt her? Eg har blanda kjensler. Men eg kan seie at eg set pris på å bu her. Det er så mange grunnar at eg ikkje kan forklare det med berre 300 ord, men eg kan prøve å formidle nokre av kjenslene eg har!

Det viktigaste for meg er likestilling og menneskerettar. Sjølv om dette ikkje fungerer 100 prosent, er det noko ein prøvar å oppnå. Eg kjem frå eit land der ein framleis kjempar mot diskriminering og mange sosiale og kulturelle tabu, somme av dei eksisterer ikkje her eingong. Eg føler at mange ting her fungerer heilt naturleg, men det er sjølvsagt ikkje «naturleg». Det er mange som har jobba i fleire tiår for det som verkar naturleg for oss her. Til dømes er det naturleg at menn og kvinner begge jobbar utanfor heimen, noko som ikkje var vanleg for 50 år sidan her. Men i dag kjennest det normalt. Vi må jobbe hardt for å oppnå likeverd og rettar, og kampen er enno ikkje over.

Noreg er ein velferdsstat og eg likar systemet, sjølv om det framleis er ein veg å gå. Ein annan ting eg likar er at nordmenn er glade i naturen. Og eg har funne ut at eg har ein skjult lidenskap: Eg visste ikkje kor mykje eg elskar i fjellturar. Og eg elskar å reise. Ein dag har eg lyst å besøkje alle byane i Noreg, og utlandet.

Eg har òg fått føle at nordmenn er høflege og venlege, men somme likar ikkje å gje av seg sjølv, somme likar å leve åleine. Eg føler at dei er som østers; med eit skal på utsida men mjuke inni. Somme har til og med ei verdifull perle inne i seg.

Har eg ingen ting negativt å seie? Når det er ei toårsfeiring vil eg berre fokusere på det positive. Læraren på kurset mitt spurde om kva slag karakter vi vil gje til det å bu her. Eg ga ni av ti. Men kva med den siste einaren? Det får du ikkje vite i dag!

Fribyforfattaren

Ela Fahmida er fribyforfattar i Midt-Telemark, og måtte flykte frå heimlandet etter å ha uttrykt seg kritisk til regimet. Ho er utdanna sosialantropolog og har i mange år kjempa mot kvinneundertrykking, kjønnsrelatert vald og religiøs fundamentalisme, og har publisert mange samfunnskritiske artiklar om dette i Bangladesh. I februar forlot ho og ektemannen heimlandet etter mange år med trugsmål.

Ein fribyforfattar er ein forfølgd forfattar som blir invitert til ein friby. For at ein person skal kome inn under fribyordninga, må han eller ho ha ein viss litterær produksjon og beviseleg vere trua eller forfølgd i heimlandet sitt på grunn av litterært virke. Ein fribyforfattar kan vere forfattar, poet, redaktør, oversettar, forleggar, journalist og teikneserieteiknar.

Vanlegvis blir ein forfattar invitert til å vere fribyforfattar eller gjesteforfattar i ein friby i to år. ICORN (International cities of refuge network), det internasjonale fribynettverket, blei etablert for å tilby forfølgde forfattarar ein fristad der dei kan skrive og uttrykke seg fritt, utan å bli sensurert eller knebla. ICORN formidlar forfattarar til fribyane. Norsk PEN administrerer den norske delen av den internasjonale asylbyordninga, og jobbar blant anna for å sikre fri litteratur på tvers av landegrenser, fri ytring og mot sensur.

Bø blei friby i 2011, og har sidan hatt tre fribyforfattarar: Dessale Abraham Berekhet (Eritrea), Idrak Abbasov (Aserbajdsjan) og Tahsib Hasan (Bangladesh). Ela Fahmida (Bangladesh) er den første fribyforfattaren i Midt-Telemark kommune.