NY LEGE: Sverre Blaasvær er den nye institusjonslegen i Midt-Telemark.
NY LEGE: Sverre Blaasvær er den nye institusjonslegen i Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

Nå har dei eldste blant oss endeleg fått ein fastlege på huset

Midt-Telemark kommune kan prise seg lykkeleg over å ha fått på plass ein institusjonslege som skal ha ansvar for pasientane på Bø sjukeheim og Sauherad bygdeheim. 88 eldre pasientar får nå sin eigen lege som både kan gjennomføre legevisittar og drive utviklingsarbeid knytt til dei to sjukeheimane. Tidlegare har denne oppgåva vore delt på fleire ulike legar, som i tillegg er fastlegar, og det skal ikkje mykje fantasi til for å skjøne at den nye løysinga må vere mykje betre for dei eldre. Pasientane får nå ein slags fastlege på huset som dei kan få ei sterkare tilknyting til. I tillegg får legen heilt sikkert betre høve til å følgje den enkelte pasient når han har mulegheiten til å bli ordentleg kjent med dei.

Eldrerådet og arbeidsgruppa Leve hele livet har pressa på for å få på plass denne stillinga, og det skal dei ha ros for. Dei viser at me treng ulike pressgrupper, råd og organisasjoner i lokalsamfunnet, som kjenner kor skoen trykker og ser behova. Det har òg vore brei semje både politisk og administrativt om at ein institusjonslege er ei bra løysing, i tillegg til at fagmiljøet hyllar denne legestillinga. I helse- og omsorgssektoren blir det understreka at stillinga vil føre til betre kvalitet på tenestene, i tillegg til at den ikkje kostar meir.

I lys av fastlegekrisa som nå breier seg i landet, er det fleire ting ein kan vere stolt av i Midt-Telemark på helsesektoren. Kommunen har våga å ta aktivt grep om utfordringane ein ser og tenkje ut av boksen ved å tilsetje institusjonslegen. For å få bukt med problemet med få søkjarar til legestillingar i kommunen, har ein òg valt å tilsetje legar sjølv, noko som. resulterte i fleire søkjarar enn før.

Desse resultata kjem ikkje av seg sjølv. Dyktige tilsette og leiarar i sektoren står på og jobbar fram dette. Så i staden for å alltid klage på det som ikkje fungerer, kan me nå glede oss over samarbeid som har ført til gode løysingar for alle partar.