DATAANGREP. Redaktør og dagleg leiar av lokalavisa i Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje, er glad for å vere tilbake med nettavis etter at den blei utsett for eit alvorleg dataangrep.Redaktør Hilde Eika Nesje
Bø blad
Lokalavis for Midt-Telemark
VIL FEIRE REDAKTØRPLAKATEN: Redaktør og dagleg leiar av lokalavisa i Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje. FOTO: José Bakker

– Kva med å sjå korleis fylkeskommunen faktisk fungerer, før ein brukar millionar på å snu

Så er det bestemt. Vestfold og Telemark skal skiljast. Etter fleire år der alt fokus har vore på samanslåinga av dei to tidlegare fylka, blir giret sett i revers. Framover skal alt handle om deling av fylket, mens millionane rullar ut av statskassa – ei statskasse som me alle er med og bidreg til gjennom skattesetelen. Frå utsida kan det sjå ut som galskap å bruke så mykje pengar som det er estimert at ei oppsplitting kjem til å koste. Det er vel knapt noko land i verda som kan ta seg råd til slikt som me nordmenn driv med. Om det er moralsk riktig å bruke så mange pengar på å gjere om att på ting, burde absolutt ha vore eit større tema i debatten om fylkeskommunens framtid.

Dei to fylka blei i si tid tvangssamanslått, noko som i utgangspunktet ikkje er særleg klokt. Det er lettare å få folk med på laget dersom det har vore ein demokratisk prosess i forkant. Derfor kom samanslåinga i utgangspunktet skeivt ut. Sjølvsagt kan ein òg argumentere for kulturforskjellar innanfor det nye fylket, lite forståing for kvarandres ståstad og utfordringar, kamp mellom by og land, nærleik til tenester og stor nok representasjon i fylkesadministrasjonen. Det som er problemet er at dette har gått altfor hastig for seg, både ved samanslåinga og nå under kampen om oppsplitting eller ikkje.

Denne saka har stort sett bare handla om politikk, og ikkje nødvendigvis om fornuft. Det er greitt nok, for politikk skal sjå på dei lange linjene, men det er ikkje alltid godt å vite eller spå kva som vil skje i framtida uansett korleis skiljelinjene ser ut i dag. Her har det handla mykje om å ville eller ikkje ville – og om å oppfylle valløfter for ein kvar pris. Dessverre er det fortsatt slik at å endre meining er ein av dei største og vanskelegaste tersklane for politikarar.

Ankepunkta mot oppsplitting av fylket er mange. Først og fremst har det gått altfor fort. Ein har verken høyrt mange nok eller sett på konsekvensane i organisasjonen. Fungerer det nye, eller ikkje? Korleis stiller dei tilsette seg til dette, og korleis ser institusjonane som ligg under fylket på dette – nå og i framtida?

Ein har knapt kome i gang med det nye, ikkje fått prøvd ut om ting fungerer og levd under pandemi med unormale driftsvilkår. Intensjonane om større og meir profesjonelle fagmiljø, effektivisering og rettferdig fordeling veit ein ikkje nok om fordi ein knapt er ferdig med å omorganisere seg.

Politiske periodar er fire år, her brukar ein mindre på å snu. Kva om ein hadde vore open for å sjå om det nye faktisk kan fungere – før ein bestemmer seg for at alt vil bli feil.