KJEMPEJOBB. Helselaget i Bø deler ut 100.000 kroner årleg. Her frå ein tidlegare basar i regi av Oterholt helselag.
KJEMPEJOBB. Helselaget i Bø deler ut 100.000 kroner årleg. Her frå ein tidlegare basar i regi av Oterholt helselag. FOTO: Arkivfoto

– Det er mange som vil synast i kommunen vår. Nokon får det til, andre jobbar i det stille

Det er mange som vil synast i kommunen vår. Nokon er flinkare enn andre til å få det til, medan andre står litt i skuggen. Det betyr ikkje at det dei driv med nødvendigvis er noko å kimse av. Ein kan få utretta mykje utan å framheve seg sjølv, til og med på ganske imponerande vis. Likevel er det alltid viktig å bli sett, ikkje bare fordi ein skal fortelje om det ein driv med, men fordi det er viktig at det blir delt rettferdig på både ressursar og merksemd.

Helselaget i Bø er eit av dei mange laga i Midt-Telemark som betyr mykje for mange, men som ikkje er så framfusen av seg. I vekas avis set me fokus på arbeidet som blir drive av dette laget på frivillig basis. Nokre iherdige sjeler har vore med i år etter år, bare for å drive med gode gjerningar. Det er eit lag der ein ikkje er med for å karre til seg sjølv, men for å yte til andre. Det ein får igjen er godt fellesskap og gleda av å gje. Akkurat dét er viktig uansett – dei fleste som bidreg for andre blir glade av det – så noko får dei att for strevet.

I 100 år har helselaget gjort gode gjerningar i kommunen. Laget har bidratt til god helse og velferd i lokalsamfunnet, og i dag deler damene som er med ut 100.000 kroner kvart år til gode formål. Sjølv om dei slit med rekruttering, er medlemmane fortsatt aktive. I tillegg til å dele ut mange pengar som dei samlar inn, arrangerer dei tiltak som er bra for folkehelsa. Med helselaget kan ein vere med på rusleturar, hyggetreff og få frukt på skulen, og det er umuleg å sette verdi på alt arbeidet dei frivillige i laget har bidratt med gjennom åra.

Siste innslag på gjevarfronten skriv me om i dag. På sjukeheimen har ein gjort noko med tilbodet der eldre på institusjon og i omsorgsbustader kan få oppleve litt velvære i nærmiljøet. Helselaget har bidratt til at rommet for frisør og fotpleie har blitt oppgradert og meir føremålstenleg – rett og slett ved å gje pengar til prosjektet.

All ære bør gå til dei som står på for at andre skal ha det bra. Helselaget er eit godt og stødig eksempel på det. Gratulerer så mykje med årets 100-årsjubiléum, Oterholt helselag, og takk for innsatsen!