Bø sentrum og Gymnasbakken på 1970-talet.
Bø sentrum og Gymnasbakken på 1970-talet. FOTO: Widerøe Flyselskap/ Bø Museum

Slik såg det ut i sentrum ein gong

Bø blad deler flyfoto med lesarane. Her er eit frå Bø sentrum og Gymnasbakken.

På dette flyfotoet kan ein kjenne att dei fleste bygga frå 1970, men me ser òg at det har skjedd mykje i området kring øvre del av Bøgata og vestre del av Gamleveg på over femti år. Ser me ekstra godt etter, ser me at bilparken var ein heilt annan i 1970!

Faktaboks

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.