FJORÅRETS VINNAR: Vikingtidsentusiasten Einar Ellingsen mottok fylkeskulturprisen for sitt engasjement for og arbeid i fylkets vikingtidssatsing i 2021.
FJORÅRETS VINNAR: Vikingtidsentusiasten Einar Ellingsen mottok fylkeskulturprisen for sitt engasjement for og arbeid i fylkets vikingtidssatsing i 2021. FOTO: Rune NordseterBilde 1 av 1

Kjenner du nokon som fortener ein pris i litteratur eller kultur? Nå kan du sende inn forslag

Nå kan du foreslå kven som skal få heider for innsatsen sin innanfor for litteratur- og kulturlivet i fylket.

– Nå håpar me at du fortel oss kven du ønskjer skal få litteraturprisen og Fylkeskulturprisen 2022, lokkar Vestfold og Telemark fylkeskommune i ei pressemelding.

For tredje gong skal desse prisane delast ut i fylket.

Litteratur og kultur

Litteraturprisen på 25 000 kroner skal gå til ein forfattar som personleg eller gjennom sitt forfattarskap har tilknyting til Vestfold og Telemark. Formålet med prisen er å synleggjere, stimulere og utvikle den litterære skriftkulturen i fylket.

Fylkeskulturprisen på 75 000 kroner blir delt ut til ein aktiv kunstnar eller kulturaktør som har gjort ein viktig innsats for kunst- og kultur i fylket.

Ber om forslag

Kandidatar til prisane kan berre bli foreslått av andre enn kandidatane sjølv. Det er hovudutvalet for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett i fylket som vedtek kven som skal få Fylkeskulturprisen, mens ein jury vedtek litteraturprisen.

Maja Foss Five, leiar for begge fora, håpar på mange forslag innan fristen.

– Prisane er på mange måtar folkeprisar, i tillegg til å vere fagleg grunna, ettersom innbyggjarar kan foreslå kandidatar. Me håpar på mange godt grunngjevne forslag på kandidatar frå heile det rike kulturfylket vårt, seier ho.

Ein kan sende forslag og grunngjeving innan 15. august på nettsidene under:

Litteraturprisen:

https://www.vtfk.no/meny/tjenester/kultur/priser-og-stipender/litteraturprisen/

Fylkeskulturprisen:

https://www.vtfk.no/meny/tjenester/kultur/priser-og-stipender/kunstnerprisen/