BLIR TIL MIKROPLAST: Matemballasje og anna plast som blir liggjande i naturen forsvinn ikkje, men blir til små partiklar som utjer eit alvorleg miljøproblem.
BLIR TIL MIKROPLAST: Matemballasje og anna plast som blir liggjande i naturen forsvinn ikkje, men blir til små partiklar som utjer eit alvorleg miljøproblem. FOTO: Johnny Vaet Nordskog

– Hugs å ta med søpla di heim når du er ute på tur

Norsk friluftsliv har ei klar oppmoding til alle som skal nytte seg av norsk natur i sommar: – Ta med all søpla di heim!

Fellesorganisasjonen for dei 18 friluftsorganisasjonane i Noreg skriv i ei pressemelding at nordmenn må huske å ta med søpla heim att frå tur.

Det blir vist til ein rapport frå 2016 som seier at over 80 prosent av marin forsøpling kjem frå kjelder på land. For å få fram bodskapen har Norsk Friluftsliv laga fleire reklamefilmar med humor, alvor og Bjørn Sundquist til stades.

Nordmenn let søpla liggje att

Sommar er høgsesong for friluftsliv, men mykje tyder på at nordmenn ikkje plukkar med seg søpla heim att. Ein rapport frå 2016 av Dr Chris Sherrington, viser at over 80 prosent av marin forsøpling kjem frå kjelder på land.

– Hovuddelen av dette er kvardagslege gjenstandar som flasker og emballasje. Det er typiske ting som ein har med seg på tur, skriv Norsk friluftsliv.

Filmar med Bjørn Sundquist

I pressemeldinga kjem Norsk Friluftsliv med fleire tips til dei som skal ut på tur i sommar.

– Alt du tar med deg i naturen skal du også ta med heim att. Unngå bruk av eingongsprodukt og ha alltid med deg ein tom pose til å ha søppel i. Planlegg for å redusere emballasjen du tek med ut. Og til sist: Sjekk alltid rasteplassen før du forlèt den.

For å formidle bodskapen til fleire, har Norsk Friluftsliv laga korte humoristiske videoar i samarbeid med skodespelar Bjørn Sundquist.

– Me håpar å få folk til å le, samstundes som dei forhåpentleg tenkjer etter ein ekstra gong om dei har latt noko av søpla liggje att i naturen, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.

Filmsnuttane kan du sjå på Norsk Friluftsliv si heimeside.