FÅR EIGA SPALTE. Fribyforfattaren i Midt-Telemark får eiga spalte i lokalavisa.
SPALTIST: Fribyforfattaren i Midt-Telemark er fast spaltist i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.

– Abort er eit kjensleladd tema, men det er vår kropp og vår avgjerd

Abort er eit svært kjensleladd tema og i tillegg eit alvorleg menneskerettsspørsmål. I mange land er abort heilt forbode. I mange land er det lovleg og/eller delvis lovleg med mange reglar og reguleringar. Eg vil gjerne framheve nokre kortfatta poeng.

I heimlandet mitt Bangladesh er abort ulovleg dersom ikkje kvinna sitt liv er i fare. Abort blir sett på som synd der. Kva er definisjonen på at «kvinna sitt liv er i fare»? Kven skal ta avgjerder om kvinna sin kropp der? På kva grunnlag kan ei kvinne få abort i heimlandet mitt? Dersom ho blir valdteken, har alvorlege helseproblem i svangerskapet og dersom graviditeten er eit resultat av incest eller seksuell aktivitet med eit familiemedlem. Mitt spørsmål er då, i eit land der valdtekt i ekteskapet ikkje er ulovleg, kva skal ei kvinne gjere dersom ho blir tvinga til sex og blir gravid med ektemannen? Dersom ei kvinne blir gravid ved eit uhell og ho ikkje vil behalde det, så må ho fullføre svangerskapet! Eg høyrde om ei svært ung kvinne som tilfeldigvis vart gravid med kjærasten, og han nekta å gifte seg med henne etter det. På grunn av sosial stigma og skam tok ho livet av seg, ho såg ingen andre utvegar.

Eg las at personar i KrFU vil forby abort eller gjere lovene strengare her i Noreg. Eg har eit spørsmål til dei – «Kven er du som trur du kan bestemme det? Dette er mi livmor, min kropp, mi avgjerd!» Vi bør heller fokusere på korleis ei kvinne som er i ein slik vanskeleg situasjon kan få riktig medisinsk og psykologisk hjelp.

I vårt hundreår er menneskerettar ei svært viktig sak å diskutere. Ei kvinne treng retten til å bestemme over sin eigen kropp. Det patriarkalske samfunnet vil helst bestemme alt som gjeld kvinner. Det er fordi hovudfokuset i eit patriarkalsk samfunn er å nekte kvinner makt og ei stemme. Og som ei bevisst kvinne vil eg fortelje andre kvinner at dei har ei stemme og at  dei må bruke den.

Fribyforfattaren

• Ela Fahmida er fribyforfattar i Midt-Telemark, og måtte flykte frå heimlandet etter å ha uttrykt seg kritisk til regimet. Ho er utdanna sosialantropolog og har i mange år kjempa mot kvinneundertrykking, kjønnsrelatert vald og religiøs fundamentalisme, og har publisert mange samfunnskritiske artiklar om dette i Bangladesh. I februar forlot ho og ektemannen heimlandet etter mange år med trugsmål.

• Ein fribyforfattar er ein forfølgd forfattar som blir invitert til ein friby. For at ein person skal kome inn under fribyordninga, må han eller ho ha ein viss litterær produksjon og beviseleg vere trua eller forfølgd i heimlandet sitt på grunn av litterært virke. Ein fribyforfattar kan vere forfattar, poet, redaktør, oversettar, forleggar, journalist og teikneserieteiknar.

• Vanlegvis blir ein forfattar invitert til å vere fribyforfattar eller gjesteforfattar i ein friby i to år. ICORN (International cities of refuge network), det internasjonale fribynettverket, blei etablert for å tilby forfølgde forfattarar ein fristad der dei kan skrive og uttrykke seg fritt, utan å bli sensurert eller knebla. ICORN formidlar forfattarar til fribyane. Norsk PEN administrerer den norske delen av den internasjonale asylbyordninga, og jobbar blant anna for å sikre fri litteratur på tvers av landegrenser, fri ytring og mot sensur.

• Bø blei friby i 2011, og har sidan hatt tre fribyforfattarar: Dessale Abraham Berekhet (Eritrea), Idrak Abbasov (Aserbajdsjan) og Tahsib Hasan (Bangladesh). Ela Fahmida (Bangladesh) er den første fribyforfattaren i Midt-Telemark kommune.