Fast spaltist i Bø blad, Otto Christian Dahl.
Fast spaltist i Bø blad, Otto Christian Dahl. FOTO: Privat

August – når du får smaken av ettertanke

Otto Christian Dahl er båteigar, kulturvitar og far til tre. Busett i Breisås med dagleg virke for kommunesektoren i heile landet gjennom KS. Opphavleg frå Stavanger, men fødd på Madagaskar. Togpendlar, nynnar og fritenkar.

August er ettersmaken av sumaren. Han sit fast på tunga. Heng att i håret. Heng ved i ettertanken ei god stund før han slepp taket. Det er noko rart med august. Han er slutten på noko. Og samstundes starten på noko. Det er som om året har kome til ein ende. Det er starten på eit nytt skuleår. Nytt studieår. Ny arbeidsøkt. Kan hende nytt pennal. Nye sko. Ny sveis. Sumaren har kan hende gitt oss nye vener. Spanande opplevingar. Nye stader. Ny utsikt. Til noko nytt. Noko vi ikkje var heilt sikre på tidlegare. Men det er vi no.

Eg lukkar augo og trekkjer pusten djupt. Opnar opp att og ser framføre meg. Det er som det var. Eg prøver ein gong til. Lukkar augo. Trekkjer pusten djupt. Opnar augo. Og let pusten gå roleg ut att. Eg gjentek dette fleire gonger. Minst sju. Den sjuande gongen glir eg ned mot djupet. Eg kjem så djupt at eg kjenner at blybeltet held meg nede. Eg sym roleg framover. Mellom tare og småfisk. Eg kjem til sandbotnen. Eg bles ut litt luft. Så blir eg liggande her. På botnen. Heilt stille. Høyrer. Og kikkar.

Det er som om eg står på botnen av livet. Og ser opp. Ser opp mot det som skal kome. Ser opp mot det som var. Eg må opp dit att for å puste. Her nede er det ikkje noko luft. Eg treng luft. Eg kan ikkje opne munnen. Eg kan ikkje snakke. Det blir berre graut. Ein graut av lydar. Det knip i brystet. Eg må opp for å puste. Eg kan jo ikkje bli her. Det er jo ikkje så lurt i lengda. Eg kikkar opp. Eg ser ein sirkel av ljos. Ein sirkel med utsikt til livet der oppe. Her nede er det stille. Langsamt. Duvande. Uleveleg. Kvifor ville eg ned hit? Kva var det eg trudde eg kom til å finne? Eg måtte hit ned for å finne det ut. For å sjå opp. For å kjenne på botnen. For å kjenne sanden mellom fingrane. Taren glatt mot beina. Kjenne trykket mot trommehinnene. Utlikne. Utsikta oppover. Innsikta innover.

Eg glir oppover i vatnet. Trykket minkar. Eg merkar oppdrifta frå våtdrakta. Eg ser ikkje sirkelen lenger. Berre bølgjeskvulp. Små krusingar. Eg bryt igjennom overflata. Opnar munnen og trekk inn frisk, salt, sjøluft. Høyrer måkene. Ungane som leikar. Motorbåten i det fjerne. Salt smak på leppene. På tunga. Det er som det var i stad. Ja, det er det. Nesten.