GLAD: Jon Solberg var glad for igjen å kunne spele konsert med Ni Liv.
LOKALT MUSIKKLIV: Jon Solberg er ein av mange musikarar som tidlegare har gjesta Telemarkfestivalen - med og utan fele. FOTO: Arkivfoto

– Mange kritikarar av sjangeren ville hatt godt av å ta seg ein tur på denne festivalen

Det er mykje Telemarkfestivalen for tida. Både i lokalavisa og gatelangs i Bø sentrum. Fargerik pynt, gjæve ord og gilde plakatar svingar og briskar seg rundt store tre, i avisspaltene og på oppslagstavler rundt omkring i kommunen vår. Og kvifor skulle dei ikkje det? Det er jo snakk om vår eigen festival.

Sjølv om det for mange kan verke som om Telemarkfestivalen er ein rein felefestival, er den ikkje det. Musikkfestivalen som Midt-Telemark husar har breidde og vid tenking rundt musikk, og den innbyr til spennande og nye musikkopplevingar. Det har den alltid gjort. Folkemusikkomgrepet famnar lengre enn det mange trur, og mange kritikarar av sjangeren ville hatt godt av å ta seg ein tur på denne unike og fine lokalfestivalen vår. Der vil ein oppdage at det er eit stort mangfald og at musikk er meir enn det ein trur. Sjølvsagt er smaken forskjellig, men med ope sinn kan ein få nye og ikkje minst gode opplevingar i livet.

Felene har sjølvsagt også sin viktige plass i festivalen, og det må dei ha. Kor mange bygder kan skryte av så mykje kompetanse på hardingfele som vår? Midt-Telemark ligg på landstoppen både når det gjeld kvalitet og tal på spelemenn, ikkje bare nå til dags, men gjennom alle tider. Kunsten å lage gode feler er også noko me kan skryte på oss. Ikkje bare har me berømte felemakarslekter i generasjonar bakover, me har til og med ein ung felemakar i bygda i dag, som attpå til er spelemann i særklasse.

Ein kan godt seie at Midt-Telemark herskar litt på folkemusikkfronten, noko Telemarkfestivalen også er eit godt eksempel på. Den er rett og slett både viktig og attraktiv for det nasjonale folkemusikkmiljøet i Noreg. I helga er det meldt både godt og varmt ver. Det gjev gode mulegheiter for ein ekstra vellykka festival, og kanskje nye og spennande musikkopplevingar for nokon.