PROGRAMLEIAR: Programmet der ein ung person skal halde tale blir i år leia av NRK-profilen Selma Ibrahim.
PROGRAMLEIAR: Programmet der ein ung person skal halde tale blir i år leia av NRK-profilen Selma Ibrahim. FOTO: Hans Otto Bordvik

Ungdom frå Telemark som vil tale på TV blir etterlyst – Selma skal leie programmet

For fjerde år på rad skal eit norsk barn halde tale til nasjonen, i forkant av Kongen og Statsministeren sine taler på nyttårsaftan. Unge talarar blir etterlyst av arrangøren.

I år blir Barnas Tale sendt på NRK, og initiativtakar UNICEF Norge etterlyser fleire taler frå Vestfold og Telemark. Søknadsfristen for å sende inn talen sin til Barnas Tale er fredag 14. oktober.

Ifølgje UNICEF er det til nå få taler som har kome inn frå Vestfold og Telemark. UNICEF Norge håper fleire barn og unge vil gripe denne viktige sjansen.

– Barnas Tale er eit viktig tiltak for at norske barn og unge skal bli høyrt, og ikkje minst ein fantastisk mulegheit for den som blir valt ut til å tale på vegner av alle barn og unge i Noreg. Å få dele sine synspunkt og tankar om viktige tema før Kongen og Statsministeren på nyttårsaftan er ærefullt og ein unik sjanse, seier Camilla Viken, generalsekretær i UNICEF Norge.

Super-Selma programleiar

Alle under 18 år kan sende inn si tale med eit tema dei brenn for. Ein eigen komité vel talen som skal representere barn og unges stemme i år. Talen blir spela inn i Rikssalen på Eidsvoll, og blir vist på NRK1.

Programmet blir i år leia av NRK-profilen Selma Ibrahim, som dei aller fleste norske barn og foreldre kjenner godt frå før. I tillegg til talen, har programmet ei lang rekke innslag med uttaler frå ei rekke samfunnstoppar. I fjor deltok blant anna statsminister Jonas Gahr Støre, samt klima- og miljøminister Espen Barth Eide i programmet.

– Me håper fleire barn og skular vil engasjere seg, og sende inn tale før fristen. Det er både gøy og lærerikt, og det er viktig at me gjev barna mulegheiten til å delta i samfunnsdebatten med sine meininger. Det er me ikkje alltid så flinke til, derfor er Barnas Tale så viktig, seier Viken.

Slik sender du inn bidrag:

1. Vel eit tema du brenni for. Vaksne kan hjelpe til med å skrive, filme og sende inn videoen, men skal ikkje påverke dine meiningar eller temaet du velg å snakke om i talen.

2. Du kan sjølv velje form og innhald på talen. Du står også fritt til å velje lengde sjølv, men det blir anbefalt at talen ikkje er lenger enn 3-5 minuttar.

3. Send videoen, kontaktinfo og skriftleg godkjenning for visning av videoen frå føresette til e-post: barnastale@nordicscreens.no.

Videofiler er ofte ganske store, så det blir anbefalt å sende via fildelingstenester, som for eksempel WeTransfer.

Frist: 14.oktober 2022

For meir informasjon om barnas tale:

https://www.unicef.no/vart-arbeid/norge/oppvekst/barnas-tale