ENGASJEMENT: Folk er engasjert i kva som skal skje med Bøgata 83.
ENGASJEMENT: Folk er engasjert i kva som skal skje med Bøgata 83. FOTO: Bø blad, arkiv

– Ved utvikling må ein tenkje på kva som får folk til å trivast og bli i sentrum

Me har mange gode snakkisar i lokalsamfunnet i Midt-Telemark. Det synest godt i lokalavisa og på våre plattformar på sosiale medium. Det er mange saker som me skriv om som engasjerer innbyggjarane, både det kreative kulturarbeidet, økonomien og byggjesakene i kommunen. Utan tvil er det saken om muleg etablering av Burger King i Bø sentrum som har skapt mest reaksjonar den siste tida. Her meiner mange mykje, både den eine og den andre vegen, og heilt sidan Bø blad skreiv om dei første planane i mars, med oppfølging i vår og haust, har folk vore interessert i korleis utviklinga går vidare. Det er bra, for engasjementet fører til at meiningar frå mange hald kjem fram.

Både fagfolk som kan ein god del om sentrumsutvikling, planprosessar og korleis ein bør tenkje bybilde, og meinigmann har vore på banen. Argument om at det gamle huset som utbyggjarane vil rive er stygt og at me treng arbeidsplassar står mot ønskjet om å tenkje langsiktig og på bevaring for framtida. Saka har hissa opp begge sider, og den vil truleg krevje meir av politikarane og administrasjonen enn ein del andre byggjesaker. Her er det nemleg snakk om eventuell inngripen i ein større og gjennomtenkt arealplan som blei vedtatt med tanke på framtida og den ønskte utviklinga i bygdesentrumet: Mindre biltrafikk og vern av gammalt og opprinneleg kulturmiljø. Den tanken er uansett viktig å ta med seg når vurderingar blir gjort framover.

Planen med ein Burger King med mulegheit for å plukke opp mat via bil skaper fleire utfordringar. Den medfører at eit verneverdig hus må rivast og at eit nytt hus blir ei slags ny rundkøyring med motorisert trafikk rundt. Ei slik løysing kan utan problem bli valt viss ein plasserer hurtigmatkjeda på ei tomt der det likevel er lagt opp til bilbasert handel, til dømes i ein handelspark eller på eit sentralt område tett ved riksvegen. Viss kommunen jobbar med å finne ei slik tomt til dette, blir kanskje bråket mindre. Samtidig er det viktig at ein tenkjer nøye over kva ein eigentleg vil med denne tomta. Mange ønskjer å verne huset der, men det har til nå vore få som har vore interessert i å utvikle noko på den sentrale hjørnetomta.

Oppussing av huset, kanskje arkitektonisk fint integrert med nybygg og uterom med grøn lunge for fortettinga si skuld, kunne vore noko for dette området – i alle fall viss målet er å få folk til å trivast og bli verande i sentrum. Korleis det skal bli er det til slutt politikarane som skal avgjere. Uansett treng ein ikkje ukritiske leggje seg flat for kommersielle gigantar. Tøffe krav har blitt sett før i Bø sentrum, til dømes måtte Esso bøye av for saltak på ny stasjon fordi nokre folkevalte stod på krava i si tid.