HØGT OPPE: Haakon Aamodt var ein av dei lokale utøvarane. Her er han høgt over hoppet, og endte til slutt øvst på pallen.
HØGT OPPE: Haakon Aamodt var ein av dei lokale utøvarane. Her er han høgt over hoppet, og endte til slutt øvst på pallen. FOTO: Unni BuverudBilde 1 av 24
LUFTIG: Det var mange spektakulære og luftige svev over anlegget i Norsjø denne laurdagen. Her er Lucas Ruud i aksjon.
LUFTIG: Det var mange spektakulære og luftige svev over anlegget i Norsjø denne laurdagen. Her er Lucas Ruud i aksjon. FOTO: Unni BuverudBilde 2 av 24
GODE VENER:Konkurrentar, men også gode vener, Malin Forberg Kaasin frå Akkerhaugen, Elisabeth Røyneberg fra Gvarv og Nora Hegge frå Kongsberg. Elisabeth blei Noregsmeister i juniorklassa, Malin nummer to og Nora nummer tre.
GODE VENER:Konkurrentar, men også gode vener, Malin Forberg Kaasin frå Akkerhaugen, Elisabeth Røyneberg fra Gvarv og Nora Hegge frå Kongsberg. Elisabeth blei Noregsmeister i juniorklassa, Malin nummer to og Nora nummer tre. Bilde 3 av 24
VASSFØYKE: Elias Poppe køyrde så vassføyka sto.
VASSFØYKE: Elias Poppe køyrde så vassføyka sto. FOTO: Unni BuverudBilde 4 av 24
KONSENTRERT: Knut Gravdal og Haakon Aamodt førebur seg til neste runde.
KONSENTRERT: Knut Gravdal og Haakon Aamodt førebur seg til neste runde. FOTO: Unni BuverudBilde 5 av 24
GLER SEG: Solveig Aamodt gler seg til å kome på vatnet.
GLER SEG: Solveig Aamodt gler seg til å kome på vatnet. FOTO: Unni BuverudBilde 6 av 24
TRIKS: Her er det Knut Gravdal som gjer eit triks.
TRIKS: Her er det Knut Gravdal som gjer eit triks. FOTO: Unni BuverudBilde 7 av 24
GOD STEMNING: Gutane snakkar saman om innsatsen. Det var god stemning blant konkurrentane.
GOD STEMNING: Gutane snakkar saman om innsatsen. Det var god stemning blant konkurrentane. FOTO: Unna BuverudBilde 8 av 24
VARMAR OPP: Jarand og Solveig varmar opp til barneshowet.
VARMAR OPP: Jarand og Solveig varmar opp til barneshowet. FOTO: Unni BuverudBilde 9 av 24
230628 NM Wakeboard 20
Bilde 10 av 24
230628 NM Wakeboard 2
Bilde 11 av 24
230628 NM Wakeboard 4
Bilde 12 av 24
230628 NM Wakeborad 15
Bilde 13 av 24
230628 NM Wakeborad 21
Bilde 14 av 24
230628 NM Wakeboard
Bilde 15 av 24
230628 NM Wakeboard Knut
Bilde 16 av 24
230628 NM Wakeboard 19
Bilde 17 av 24
230628 NM Wakeboard 22
Bilde 18 av 24
230628 NM Wakeboard 13
Bilde 19 av 24
230628 NM Wakeboard 14
Bilde 20 av 24
230628 NM Wakeboard 10
Bilde 21 av 24
230628 NM Wakeboard 16
Bilde 22 av 24
KLAR MELDING: Gøy på vatnet for alle.
KLAR MELDING: Gøy på vatnet for alle. FOTO: Unni BuveudBilde 23 av 24
PÅ PALLEN: Ignas Kazakevicius gull u/14, Haakon Aamodt gull u/8, Elisabeth Røyneberg gull u/18, Malin Forbes Kaasin , sølv u/18 og Elias Poppe , bruse u/18
PÅ PALLEN: Ignas Kazakevicius gull u/14, Haakon Aamodt gull u/18, Elisabeth Røyneberg gull u/18, Malin Forbes Kaasin sølv u/18 og Elias Poppe bronse u/18 FOTO: PrivatBilde 24 av 24

Tre heimesigrar i Noregsmeisterskapet

Sauherad IL Wakeboard henta tre NM-titlar på heimebane under NM på Norsjø Ferieland laurdag. Elisabeth Røyneberg, Haakon Aamodt og Ignas Kazakevicius vann kvar si klasse. 

Lene Røyneberg i Wakeboardgruppa fortel at omlag 40 deltakarar stilte til start. Forutan dei lokale, kom det utøvarar frå Hamar, Oslo og omegn, ja stort sett frå heile søraust-landet. Denne gongen var det Norgesmeisterskap for aldersbestemte klasser, i tillegg til barneshow. Det blei tevla i klassene U/14 jenter og gutar, U/18 junior damer og herrer, Master damer og herrer 30-40, og veteran damer og herrar 40+.

– Om lag halvparten av deltakarane tilhøyrer Sauherad Wakeboard, men ikkje alle er lokale. Sauherad har hovedbanen for wakeboard, dei andre klubbane har bare små kabelbanar. Me er den einaste i Noreg med eit slikt anlegg, og alle kjem difor hit for å køyre. Difor har mange også meldt seg inn i klubben, seier Røyneberg.

Mange spektakulære svev

Sauherad IL Wakeboard valde å legge NM for aldersebestemte klasser til denne helga, i samband med Telemarksveka. Vanlegvis er ikkje NM før på hausten. I september er det klart for NM for eliten.

Men om ikkje eliten tevla på Norsjø denne dagen, var det ingenting å seie på innsatsen til dei som deltok. Her var mange spektakulære svev over hopp og i lufta. Både framover og baklengs, og opp-ned. Nokre fall blei det også, det høyrer med.

Sauherad Wakeboard sitt lokale lag besto av Malin Forberg Kaasin (16), Elisabeth Røyneberg (15), Solveig Aamodt (11), Skage Ower (15), Elias Poppe (17), Haakon Aamodt (17), Knut Gravdal (17), Ignas Kazakaevicius(13) og Jarand Seljestad Flaaten (12). Sander Saga Vaalanes (12) har skadd foten, og måtte nøye seg med å vere i heia-gjengen denne gongen.

PÅ HEIMEBANE: Her er dei lokale utøvarane samla: Bak frå venstre Sander Saga Vaalanes, Skage Sæl Ower, Malin Forberg Kaasin, Elisabeth Røyneberg, Elias Poppe, Haakon Aamodt, og Knut Gravdal Framma står Ignas Kazakaevicius, Jarand Seljestad Flaatin og Solveig Aamodt. FOTO: Unni Buverud

Fornøgd med innsatsen

Malin Forberg Kaasin hadde tid til ein kjapp prat mellom øktene. Ho hadde som mål å lande det ho har øva på, og var godt fornøgd etter kvalifiseringsrunden. Ho såg difor fram til finalen. Der blei ho slått av lagvenninna Elisabeth Røyneberg.

Haakon Aamodt drog heim NM-tittelen i gutanes juniorklasse, her blei Elias Poppe nummer tre og Knut Gravdal nummer fem. Også Ignas Kazakaevicius vann si klasse, u/14,

Ei som gleda seg til å kome på vatnet, var Solveig Aamodt. 11-åringen var med på barneshowet denne gong. Ho har drive med wakeboard i fire år, og synest det er kjempemoro. Særleg å ta hopp og slikt, samt køyre saman med vener.

Full fart heile sommaren

Sauherad IL Wakeboard kan smykke seg med nok eit flott arrangement, i strålande vér. Lene Røyneberg fortel at sesongen starta etter påske og held fram til det kjem sludd i oktober.

– Det er trening tirsdag og torsdag kvar veke, men i sommarferien er kabelanlegget ope kvar dag, slik at også andre kan prøve seg. Da har me ikkje eigen trening. Neste veke arrangerer me Wakeboardskule, og det er påmeldt 30 deltakarar frå åtte til 19 år. Då blir det også full fart i anlegget her, seier Røyneberg.

PÅ PALLEN: Ignas Kazakevicius gull u/14, Haakon Aamodt gull u/8, Elisabeth Røyneberg gull u/18, Malin Forbes Kaasin , sølv u/18 og Elias Poppe , bruse u/18

PÅ PALLEN: Ignas Kazakevicius gull u/14, Haakon Aamodt gull u/18, Elisabeth Røyneberg gull u/18, Malin Forberg Kaasin , sølv u/18 og Elias Poppe, bronse u/18 FOTO: Privat