BER ALLE STEMME:  Svein Taranrød og Jeanett Kaasa med urna som skal brukast under førehandsstemminga.
BER ALLE STEMME: Svein Taranrød og Jeanett Kaasa med urna som skal brukast under førehandsstemminga. FOTO: Øystein Akselberg

I september er det val: – Du kan stemme tidlegare

Frå torsdag 10. august kan du stemme til årets kommunestyre- og fylkestingsval. Kommunen håpar at valdeltakinga aukar. For fire år sidan var det bare 58 prosent som deltok.

Midt-Telemark kommune har bestemt at haustens kommunestyre- og fylkestingsval skal gå over to valdagar i staden for ein. Valdagane er søndag 10. og måndag 11. september.

Spesialkonsulent Jeanett Kaasa og avdelingsleiar Svein Taranrød i politisk sekretariat og service, håpar at to valdagar vil minke trykket på sjølve valdagen og gjere at fleire finn tid til å gje si stemme. Dei oppmodar dessutan folk til å nytte seg av moglegheiten til å førehandsstemme.

– Det er lettvint å stemme, uansett om ein gjer det på førehand eller på valdagane. Me oppmodar folk om å bruke stemmeretten sin og slik vere med på å påverke sin eigen og andres kvardag. Alle som ropar høgt i kommentarfelta på sosiale medium må kome opp av sofaen og stemme, seier Kaasa.

Kan stemme på førehand

Ein kan førehandsstemme frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september, og ein kan førehandsstemme i den kommunen ein sjølv ønskjer. Vel ein å førehandsstemme kan ein ikkje stemme på nytt på valdagen.

Ein kan førehandsstemme på kommunehuset kvar kvardag frå klokka 09.00 til 15.00 frå 10. august til 1. september. I dagane 4. til 7. september er det langope frå klokka 09.00 til 18.00.

I tillegg er det ope for stemming laurdag 2. september frå klokka 12.00 til 16.00.

Ver ute i god tid

Viss du førehandsstemmer i ein annan kommune enn der du er innført i manntalet, som er der du hadde folkeregistrert adresse per 30. juni 2023, må du hugse at stemmesetlane dine må nå fram til heimkommunen din innan tysdag 12. september klokka 17.00.

Viss du vil stemme til både kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du gjere det samtidig.

På institusjon og skular

Det er også tilbod om å stemme på institusjonar og skular i Midt-Telemark.

På Bø sjukeheim er stemmedagen 28. august, medan ein kan gjere det på Sauherad bygdeheim 29. august. Både på Furuheim og Furumoen på Gvarv er stemmedagen 1. september. På desse stadane kan både bebuarar og tilsette førehandsstemme.

Universitetet i Søraust-Noreg har førehandsstemming 23. august, medan Sagavoll folkehøgskule og Bø vidaregåande skule tilbyr moglegheit til å stemme 24. august.

Dermed vil eldre på institusjonar og studentar ved universitetet og på folkehøgskule også i år få moglegheit til å bruke stemmeretten sin der dei oppheld seg.

Stemme heime

Veljarar som på grunn av helsemessige årsaker er forhindra frå å førehandsstemme eller stemme på valdagen, kan etter søknad til valstyret få stemme heime. To personar frå kommunen kjem da rundt med urne og stemmesetlar.

– Det kan også avtalast at personar som har spesielle behov kan få avleggje stemma si frå bil, både førehandsstemmer og på sjølve valdagen, seier Kaasa og Taranrød.

Dersom du allereie no veit at du har behov for å stemme heime, bør du ringe kommunen og avtale tid så snart som mogleg. Siste frist for å søkje er 6. september klokka 12.00.

Tre valkrinsar

Valkrinsane i kommunen er dei same som under dei to føregåande vala i Midt-Telemark kommune: Bø stemmekrins i Gullbring kulturanlegg, Gvarv stemmekrins på Gvarv samfunnshus og Akkerhaugen stemmekrins i Idunshall.

Enkelt å bruke stemmeretta

Alle får tilsendt melding om valkort gjennom elektronisk post, dersom ein ikkje har reservert seg mot det. Da vil ein motta ei melding på mobiltelefonen sin for å få tilgang til valkortet.

Valdeltaking og førehandsrøysting

Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 var det 8.130 stemmeberettiga, medan dette talet har auka til 8.393 ved haustens val. I 2019 valde 1.681 personar å førehandstemme. Totalt avla 4.775 personar stemme, som gjorde at valdeltakinga hamna på 58,9 prosent.

Ved stortingsvalet i 2021 var valdeltakinga 74,2 prosent, og da var talet på førehandsstemmer heile 3.160. Dette utgjorde 56 prosent av alle som stemte.

Fakta

Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023

Stemmeberettiga:

Menn     Kvinner          Totalt

Krets Bø                            2.615      2.669              5.284

Krets Gvarv                         874          912              1.786

Krets Akkerhaugen             672          632              1.304

Øvrige                                   10             9                    19

Totalt i kommunen          4.171       4.222             8.393